Eusébio

mosambikisk-portugisisk fotballspelar

Eusébio da Silva Ferreira (25. januar 19425. januar 2014) var ein portugisisk fotballspelar, fødd i dåverande Lourenço Marques i den portugisiske kolonien Mosambik. Han vann Europacupen i fotball med Benfica i 1962, og fekk bronsemedalje med Portugal under VM i fotball 1966. I 1965 vart Eusébio, som var ein særleg dyktig senterløpar, kåra til årets fotballspelar i Europa.

Eusébio


Statsborgarskap Portugal
Fødd 25. januar 1942
Maputo
Død

5. januar 2014 (71 år)
Lisboa

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966

Utmerkingar

Gullballen, Fortjenstordenen, storkorset av Infante Dom Henriks orden

Klubbspel endre

Eusébio spelte for Lisboa-klubben Benfica frå 1960 til 1975. Gjennom femten sesongar sikra hans seg og klubben 11 triumfar i den portugiske serien og fem nasjonale cupgull. Han skåra to av måla då Benfica vann 5-3 over Real Madrid i finalen i Europacupen 1962 i Amsterdam. Både i 1963, 1965 og 1968 nådde Benfica finalen i Europacupen, men måtte sjå seg slått av høvesvis AC Milan, Inter og Manchester United.

Landslagspel endre

Eusébio debuterte på Portugals landslag i oktober 1961. Hausten 1965 kvalifiserte Portugal seg til sitt fyrste fotball-VM. Under VM i fotball 1966 i England spelte laget seg fram til semifinale mot vertsnasjonen, etter ein historisk kvartfinale mot Nord-Korea. Nordkoreanarane gjekk opp i leiing 3-0, før Eusébio skåra fire mål og gav Portugal sigeren 5-3. I semifinalen vart det tap 1-2 for England, men i bronsefinalen mot Sovjetunionen vart siger med 2-1. Eusébio vart toppskårar i meisterskapen med ni mål. Han spelte sin 64. og siste landskamp i 1973, bokført med 41 landslagsmål.

Merittar endre

  • VM-bronse i 1966 med Portugal
  • Vinnar av Europacupen med Benfica i 1962
  • Portugisisk serimeister med Benfica: 1961, 1963, 1964, 1965, 1967, 1968, 1969, 1971, 1972, 1973, 1975
  • Portugisisk cupmeister med Benfica: 1962, 1964, 1969, 1970, 1972

Eusébio døydde i Lisboa.