AC Milan

Associazione Calcio Milan, i Noreg kjend som Milan, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart stifta i 1899. Klubben spelar denne sesongen i Serie A. Noverande hovudtrenar er Stefano Pioli.

AC Milan
A.C. Milan lifting the European Cup after winning the 2002–03 UEFA Champions League - 20030528.jpg
Fullt namnAssociazione Calcio Milan S.p.A.
KallenamnRossoneri («raudsvarte»)
Il Diavolo («djevelen»)
Grunnlagd16. desember 1899
HeimebaneSan Siro
(kapasitet: 80 074)
StyreleiarAdriano Galliani
HovudtrenarStefano Pioli
LigaSerie A
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

AC Milan er ein av dei mest suksessrike klubbane i Serie A med 18 seriemeistertitlar, 16 andreplassar og 13 tredjeplassar. Med unnatak for to sesongar i Serie B i byrjinga av 1980-talet har klubben heile tida heldt seg i toppdivisjonen. Einast Juventus med 30 meistertitlar har fleire sigrar enn AC Milan i Serie A.

Milan har vunne Europacupen og Meisterligaen sju gongar, einast Real Madrid har fleire med sine ni sigrar. Dessutan gjekk Milan to gongar til topps i den no avvikla Cupvinnarcupen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ('Den vesle madonnaens derby'), mot erkerivalen Inter. Begge desse klubbane spelar heimekampane sine på Stadio Giuseppe Meazza.

SpelarstallEndra

20. februar 2020 [1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Asmir Begović (på lån frå Bournemouth)
2   F Davide Calabria
4   MB Ismaël Bennacer
5   MB Giacomo Bonaventura
7   A Samu Castillejo
10   MB Hakan Çalhanoğlu
12   F Andrea Conti
13   F Alessio Romagnoli  
17   A Rafael Leão
18   A Ante Rebić (på lån frå Eintracht Frankfurt)
19   F Theo Hernández
20   MB Lucas Biglia
21   A Zlatan Ibrahimović
22   F Mateo Musacchio
24   F Simon Kjær (på lån frå Sevilla)
Nr. Posisjon Spelar
25   K Pepe Reina
33   MB Rade Krunić
39   MB Lucas Paquetá
43   F Léo Duarte
46   F Matteo Gabbia
56   F Alexis Saelemaekers (på lån frå Anderlecht)
79   MB Franck Kessié
84   K Matteo Soncin
89   MB Alessandro Sala
90   K Antonio Donnarumma
93   MB Diego Laxalt
94   MB Marco Brescianini
95   A Andrea Capone
98   A Daniel Maldini
99   K Gianluigi Donnarumma

KjelderEndra

  1. First Team 2018/19