Evangervatnet er eit vatn som ligg i Voss herad i Vestland. Den største tilførsleelva er Vosso som kjem frå Vangsvatnet, og vatnet tømmer seg i Bolstadelva som renn ut i Bolstadfjorden. Evangervatnet er uregulert. Evanger kraftverk ligg ved øvre ende av vatnet, i berget ved tettstaden, kraftstasjonen har avløp til vatnet ved Fadnes.[1]

Evangervatnet
innsjø
Evangervatnet sett frå vest.

Foto: Øystein H. Brekke

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Høgd over havet 11 moh.
Areal 3,23 km²
Største djupn 114 m
Kystlengd1 15,40 km
Koordinatar 60°39′0″N 6°3′48″E / 60.65000°N 6.06333°E / 60.65000; 6.06333
Kart
Evangervatnet
60°39′00″N 6°03′48″E / 60.65°N 6.0633333333333°E / 60.65; 6.0633333333333
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Kjelder endre

  1. Eriksen, Nils (1970). BKK 50 år. BKK. 
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.