Everybody's a Star (Starmaker)

Everybody's a Star (Starmaker)
Singel av The Kinks
frå albumet Soap Opera
B-side

«Ordinary People»

Utgjeve April 1975
Innspelt August - oktober 1974
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 2:57
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi 
«Holiday Romance»
(1974)
Everybody's a Star (Starmaker) «Ducks on the Wall»
(1975)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«Preservation»
(1974)
Everybody's a Star (Starmaker) «I'm in Disgrace»
(1976)


«Everybody's a Star (Starmaker)» er opningssporet på The Kinks-albumet Soap Opera frå 1975. Songen vart skriven av Ray Davies.

Tekst og musikk endre

Som dei to førre albuma som dekte rockeoperaen Preservation og Schoolboys in Disgrace som kom etter, følgjer Soap Opera ei historie gjennom albumet. På «Everybody's a Star (Starmaker)» introduserer Ray Davies hovudpersonen på albumet, Starmaker. Starmaker skildrar seg sjølv som «ein skapar, oppfinnar og innovatør» som observerer «dei vanlege menneska, uansett kva yrke dei har.» Han seier vidare at «alle har ein kjendis i seg, og me har alle personlegdom og individualitet». Han hevdar så at han «kan gjere den mest vanlege mannen i gata til ei stjerne».

Songen opnar med gitar og har ein kort gitarsolo seinare i songen. Det er nytta kvinnelege korvokalistar på songen.

Utgjeving endre

Ein månad før Soap Opera kom ut, vart «Everybody's a Star (Starmaker)» gjeven ut som den einaste amerikanske singelen frå Soap Opera i april 1975. Singelen kom ikkje ut i Storbritannia. B-sida var «Ordinary People» (songen etter «Everybody's a Star (Starmaker)» på Soap Opera). Singelen selde dårleg og gjekk ikkje inn på singellista. Singelversjonen kom ut som bonusspor i 1998 på CD-utgåva av Soap Opera.

AllMusic omtalte songen som høgdepunktet på Soap Opera.[1]

Kjelder endre