Opna hovudmenyen
Everybody Loves a Lover
av Doris Day
B-side «Instant Love»
Utgjeve 1958
Sjanger Pop
Lengd 2:41
Selskap Columbia 41195
Låtskrivar(ar) Robert Allen, Richard Adler
Doris Day-kronologi
«A Very Precious Love»
(1958)
Everybody Loves a Lover «Tunnel of Love»
(1958)


«Everybody Loves a Lover» er ein song som vart ein hit for Doris Day i 1958. Teksten vart skriven av Richard Adler og musikken komponert av Robert Allen.

Innhaldsliste

Bakgrunn og innspelingEndra

Day spelte inn «Everybody Loves a Lover» i mai 1958 med Frank DeVol som produsent og Earl Palmer på trommer.[1] Singelen vart gjeven ut på Columbia og gjekk inn på Billboard-lista den 21. juli 1958. På Disc Jockey-lista nådde songen sjetteplassen, på Best Seller-lista ein 17. plass og på Hot 100-lista nådde han 14. plassen.[2]

The Shirelles-versjonenEndra

Everybody Loves a Lover
av The Shirelles
B-side «I Don't Think So»
Utgjeve 1962
Sjanger R&B
Lengd 2:38
Selskap Scepter 1243
Låtskrivar(ar) Robert Allen, Richard Adler
The Shirelles-kronologi
«It's Love That Really Counts (In the Long Run)»
(1962)
Everybody Loves a Lover «Foolish Little Girl»
(1963)


«Everybody Loves a Lover» vart spelt inn av The Shirelles i 1962 og nådde då 19. plassen på den amerikanske hitlista i januar 1963. Denne versjonen, som var det siste samarbeidet deira med produsenten Luther Dixon, etterliknar rytmen og instrumenteringa på Barbara George-hitten «I Know (You Don't Love Me No More)».

I tillegg til samtidige coverversjonar på den britike marknaden av både The Undertakers og Cliff Bennett, var The Shirelles-versjonen av «Everybody Loves a Lover» òg malen for Sandie Shaw-versjonen spelt inn i 1965 for albumet Sandie, og i tillegg for Peaches and Herb-versjonen som vart spelt inn i 1967 for albumet For Your Love. Konsertversjonar av Beryl Marsden av «Everybody Loves a Lover» med arrangementet til The Shirelles vart spelt i The Cavern Club i juni 1963 og gjeven ut på albumet At The Cavern i 1964. Checkmates, Ltd. gav ut ein versjon av songen som ein del av ein medley på debutalbumet Live! At Caesar's Palace i 1967.[3]

Andre versjonarEndra

«Everybody Loves a Lover» vart òg spelt inn av The Angels, som nådde 103. plassen på den amerikanske hitlista, Alice Babs (som «Den som glad är» på svensk), Chisu (som «Kellä kulta, sillä onni» på finsk), Sacha Distel (på fransk som «Dis! O dis!»), Nana Gualdi (på tysk som «Junge Leute brauchen liebe»), Jan Howard, Laila Kinnunen («Kellä kulta, sillä onni»), Angélica María (på spansk som «Vivaracho»), Guy Mitchell, Jane Morgan, Line Renaud («Dis! O dis!») og Keely Smith. I 2010 song den australske songaren Melinda Schneider inn songen for Doris Day-albumet hennar Melinda Does Doris. Instrumentale versjonar av songen er spelt inn av Joe Loss og Shirley Scott.

KjelderEndra

  1. Scherman, Tony, Backbeat: The Earl Palmer Story, forward by Wynton Marsalis, Smithsonian Institution Press, Washington D.C., 1999
  2. Whitburn, Joel (1. november 2000). The Billboard Book of Top 40 Hits (7th Rev. utg.). Watson-Guptill Publications. ISBN 978-0-8230-7690-1. 
  3. Checkmates, Ltd., Live! At Caesar's Palace Henta 23. februar 2018.