Evolène
Evolène er ein kommune i distriktet Hérens i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 1 683 innbyggjarar 2010) og eit areal på 209,9 km². Kommunesenteret ligg 1371 meter over havet.
Evolène | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Hérens | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Damien Métrailler | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
209,9 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 683 8 /km² | ||
Koordinatar | 46°7′0″N 7°30′0″E / 46.11667°N 7.50000°E | ||
Høgd over havet | 1371 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1983 | ||
Nettstad: www.commune-evolene.ch |
Kommunen ligg sør for Sion i Wallis-Alpane og i dalen Val d'Hérens. Evolène er ein av dei største kommunane i Sveits i ustrekning, men har ikkje meir enn kring 1600 innbyggjarar. Dette kjem av dei store urørte naturområda kring Alpane. Det høgaste fjellet i kommunen er Dent Blanche på 4357 meter over havet. På grunn av dei bratte fjella kring kommunen er han utsett for mange naturlege farar, som snøras og aggressiv erosjon. 21. februar 1999 vart Evolène råka av fleire snøras, som tok livet av i alt 12 menneske. Dette kom av at det hadde falle uvanleg mykje snø i Alpane vinteren 1999.
Kommunen består av fleire nærliggande landsbyar. Den største landsbyen er Evolène, som ligg på eit platå ovanom elva, verna av snøras frå omliggande skog.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Evolène» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (fransk)
- Offisiell turistnettside (fransk)
- Webkamera (fransk)
- Evolène på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Haudères, Les på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Arolla på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.