Dei sveitsiske Alpane
Dei sveitsiske Alpane (tysk Schweizer Alpen, fransk Alpes suisses, italiensk Alpi svizzere, retoromansk Alps svizras) er den delen av Alpane som ligg innanfor Sveits. Sidan dei ligg sentralt til heile den alpine fjellkjeda vert dei stundom òg kalla Dei sentrale Alpane. Den høgaste toppen i Dei sveitsiske Alpane er Monte Rosa (4 634 moh) nær grensa til Italia. Det høgaste fjellet som ligg heilt innanfor dei sveitsiske landegrensene er Dom (4 545 moh).
Sidan mellomalderen har ferdsel over Alpane spelt ei viktig rolle i historia. Regionen nord for Sankt Gotthard-passet vart kjernen i Det sveitsiske eidssambandet tidleg på 1300-talet.
Geografi
endreAlpane dekkjer 60% av arealet til Sveits (41 285 km²) som derfor er eit av dei mest alpine landa. Trass i at Sveits berre dekkjer om lag 14 % av det totale arealet til Alpane (192 753 km²),[1] er 48 av 82 fjell i Alpane over 4000 meter i Dei sveitsiske Alpane og resten ligg innanfor 20 km frå landegrensa.
Isbreane i Dei sveitsiske Alpane har eit samla areal på 1230 km² (3% av Sveits), og utgjer 44% av alle isbreane i Alpane (2800 km²).
Dei sveitsiske Alpane ligg sør for Det sveitsiske platået og nord for landgrensa. Grensa mellom Alpane og platået går frå Vevey ved breidda av Genfersjøen til Rorschach ved breidda av Bodensjøen, nær byane Thun og Luzern.[2]
Fjellkjeder
endreAlpane er vanlegvis delt inn i to delar, Dei vestlege Alpane og Dei austlege Alpane, som er delt langs Rhinen frå Bodensjøen til Splügenpasset. Dei vestlege fjellkjedene utgjer den størstedelen av Sveits, medan den større austlege fjellkjeda i Sveits berre omfattar kantonen Graubünden. Sistnemnde er ein del av Dei sentrale Alpane, bortsett frå Ortleralpane som høyrer til Dei sørlege kalksteinsalpane. Wallis- og Bern-Alpane og Berninafjella er dei høgaste fjellkjedene i landet og inneheld høvesvis 38, 9 og 1 topp over 4000 moh. Den lågaste fjellkjeda er Appenzelleralpane som er 2 500 moh på det høgaste.
(*) ligg utanfor hovudkjeda
Dei vestlege Alpane
Stad | Fjellkjede | Kantonar | Kjende toppar | Austleg grenser |
---|---|---|---|---|
Frå vest til aust, nord for Rhone og Rhinen | ||||
Bern-Alpane* | Vaud, Fribourg, Valais, Bern | Finsteraarhorn, Jungfrau, Eiger | Grimselpasset | |
Urner-Alpane* | Uri, Bern, Valais, Luzern, Obwalden, Nidwalden | Dammastock, Titlis | Reuss | |
Glarus-Alpane* | Uri, Glarus, Graubünden | Tödi, Glärnisch | Seeztal | |
Appenzelleralpane* | Appenzell Innerrhoden, Appenzell Ausserrhoden, St. Gallen | Säntis | Rhinen | |
Frå vest til aust, sør for Rhone og Rhinen | ||||
Chablais-Alpane | Valais | Dents du Midi | Elva Arve | |
Mont Blanc-massivet | Valais | Aiguille d'Argentière | Col Ferret | |
Wallis-Alpane | Valais | Monte Rosa, Weisshorn, Matterhorn | Simplonpasset | |
Dei lepontinske Alpane | Valais, Ticino, Uri Graubünden, | Monte Leone, Rheinwaldhorn | Splügenpasset |
Dei austlege Alpane
Stad | Fjellkjede | Kjende toppar |
---|---|---|
Frå vest til aust, nord for Mera og Inn | ||
Oberhalbstein | Piz Platta | |
Plessur* | Aroser Weisshorn | |
Albula | Piz Kesch, Piz Lunghin | |
Rätikon* | Schesaplana | |
Silvretta* | Piz Linard, Piz Buin | |
Samnaunfjella* | Muttler | |
From vest til aust, sør for Mera og Inn | ||
Bregaglia | Cima di Castello, Piz Badile | |
Bernina | Piz Bernina, Piz Roseg | |
Albula | Piz Kesch, Piz Lunghin | |
Livigno | Piz Paradisin | |
Ortleralpane* | Piz Murtaröl | |
Sesvenna | Piz Sesvenna |
Hydrografi
endreElvar
endreNordsida av Dei sveitsiske Alpane vert drenert av Rhone, Rhinen og Inn (som høyrer til nedslagsfeltet til Donau), medan sørsida hovudsakleg vert drenert av Ticinoelva (som høyrer til nedslagsfeltet til Po). Elvane på nordsida renn ut i Middelhavet, Nordsjøen og Svartehavet, og på sørsida renn Po ut i Adriahavet. Det store tredoble vasskiljet i Alpane ligg innanfor landet. Desse er Piz Lunghin, Witenwasserenstock og Monte Forcola. Mellom Witenwasserenstock og Piz Lunghin går Det europeiske vasskiljet som skil nedslagsfelta til Atlanterhavet (Nordsjøen) og Middelhavet (Adriahavet og Svartehavet). Det europeiske vasskiljet ligg faktisk berre delvis i hovudkjeda. 6% av ferskvatnet i Europa ligg i Sveits, og vert stundom kalla «vasstårnet i Europa».
Innsjøar
endreSidan dei høgaste demningane ligg i alpine regionar, er mange av fjellvatna i Sveits kunstige og vert nytta som vassreservoar.[3] Somme kunstige innsjøar ligg over 2 300 m, men naturlege innsjøar større enn 1 km² ligg generelt under 1 000 m (med unntak av innsjøane i Engadin som Sils-sjøen og Oeschinensee i Bernse Oberland). Smeltande lågtliggande isbrear kan stundom skape nye innsjøar, som den 0.25 km² store Triftsee som vart danna mellom 2002–2003.
Høgdenivå
endreTabellen under[4] gjev flatevidda over 2000 m og 3000 m og den respektive prosentdelen av det totale arealet i kvar kanton med høgder over 2000 moh.
Kanton | Land over 2000m i km² | Land over 2000m i % | Land over 3000m i km² | Land over 3000m i % |
---|---|---|---|---|
Appenzell Ausserrhoden | 1 | 0.4 | 0 | 0 |
Appenzell Innerrhoden | 4 | 2.3 | 0 | 0 |
Bern | 887 | 15 | 100 | 1.7 |
Fribourg | 14 | 0.8 | 0 | 0 |
Glarus | 213 | 31 | 4 | 0.6 |
Graubünden | 4296 | 60 | 111 | 1.6 |
Luzern | 4 | 0.3 | 0 | 0 |
Nidwalden | 20 | 7 | 0 | 0 |
Obwalden | 66 | 13 | 1 | 0.2 |
Schwyz | 69 | 8 | 0 | 0 |
St. Gallen | 184 | 9 | 1 | 0.05 |
Ticino | 781 | 28 | 2 | 0.07 |
Uri | 562 | 52 | 19 | 1.8 |
Valais | 2595 | 50 | 697 | 13 |
Vaud | 92 | 3 | 1 | 0.03 |
Sveits | 9788 | 24 | 936 | 2.3 |
Galleri
endre-
Matterhorn, Wallis-Alpane
-
Aiguille d'Argentière over Saleinabreen, Mont Blanc-massivet
-
Oberaarbreen, Bern-Alpane
-
Aletschbreen, Bern-Alpane
-
Piz Badile, Bregagliafjella
-
Finsteraarhorn, Bern-Alpane
-
Grand Combin, Wallis-Alpane
-
Piz Roseg og Val Roseg, Berninafjella
-
Dent Blanche, Wallis-Alpane
-
Toppane kring Mattertal, Wallis-Alpane
Kjelder
endre- ↑ Werner Bätzing, Henri Rougier, Les Alpes: Un foyer de civilisation au coeur de l'Europe, s. 21, ISBN 2606002946
- ↑ I følgje grensene definert av Den alpine konvensjonen
- ↑ "Dam Begun in Swiss Alpane to be Europe's Highest." Popular Science, November 1929, s. 61
- ↑ Die Kantone nach ihren höchsten Punkten Arkivert 2006-09-08 ved Wayback Machine.)
- Denne artikkelen bygger på «Swiss Alps» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Utanriksdepartementet
- Isbrear i Alpane, USGS
- Encyclopædia Britannica, Alpane
- [1]