Eyðdis Hartmann Niclasen

Eyðdis Hartmann Niclasen (fødd 1. august 1972 i Qeqertarsuaq) er ein færøysk politikar og næringslivskvinne. Ho er medlem av det færøyske Lagtinget, som representant for Sambandsflokkurin.

Eyðdis Hartmann Niclasen
Fødd1. august 1972 (52 år)
Qeqertarsuaq
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSambandsflokkurin
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedNiels Brock
Føroya Handilsskúli
VervLagtingsmedlem 8. desember 2022–
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting (2022–) Sjå dette på Wikidata

Niclasen blei født på Grønland av færøyske foreldre og vaks opp på Færøyane og i Danmark. Ho er utdanna innan reiseliv og leiing. Niclasen byrja sin karriere i DFDS i København. Ho flytta med familien sin til Miðvágur på Færøyane i 2006, då ho blei konsernsekretær i Smyril Line.[1][2]

Niclasen var borgarmeistar i Vága kommuna frå 2017 til 2020. I 2022 blei ho vald inn på Lagtinget for Sambandsflokkurin, etter å ha møtt ved fleire høve som vararepresentant.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Eyðdis Hartmann Niclasen». Sambandsflokkurin. Arkivert frå originalen den 31. oktober 2022. Henta 11. desember 2022. 
  2. «Eyðdis Hartmann Niclasens profil» (på engelsk). LinkedIn. Henta 12. desember 2022.