Turisme er reising for å slappa av eller oppleva nye ting. Det er eit temmeleg nytt fenomen som har kome til etter at avslappande reiser var blitt moglege, og menneske faktisk ønskte å oppleva ting. I dag er turisme blitt ein storindustri både for transport- og servicenæringa, der dei som har råd, reiser over heile verda som turistar.

Komfort og eit vakkert landskap, her i eit japansk onsen, er noko av det turistar ser etter.
Hotell på flyplassen i Orlando i Florida.

Historie endre

Dei første ekte turistane var unge adelsmenn som reiste rundt i Europa for å verta erfarne «verdensmenn». Denne reisinga tok til på sekstenhundretalet, og vart sidan meir og meir vanleg. Etter kvart drog òg rike unge kvinner ut i verda på slike danningsreiser.

Ettersom middelklassen vart rikare og sunnare, ønskte også dei å ta del i hyggjereisinga. Nye, store hotell med plass til alle saman vart bygde i populære turistområde, medan transportnæringa voks for å kunna frakta dei. Meir rikdom og endå betre transportmiddel har gjort det mogleg for stadig fleire å reisa både langt og ofte. I dag kan ein reisa frå Noreg til Kina på elleve timar, medan Marco Polo brukte fire farefulle år på å reisa dit frå Italia.

Turistmål endre

Tidlege turistmål var Rivieraen langs Middelhavet på grunn av det milde klimaet sitt, og Alpane på grunn av den storslåtte naturen. Den norske fjellheimen vart først «oppdaga» av turistar, som såg noko spesielt der nordmenn såg vanleg landskap. Det var likevel lenge vanleg å reisa på ferie i sitt eige land, ettersom det var enklare og billigare. Norske byfolk drog ofte ut på «landet» om sommaren, til ein gard eller sin eigen landstad, ofte nær kysten.

Gode og dårlege sider endre

Turisme er blitt ei viktig næring for vakre men avsidesliggjande område utan mykje industri, både for Noreg og for mange land i tropiske og subtropiske strøk. Tilstrømming av folk fører til mange jobbar innan servicenæringar og lokal produksjon, som igjen hjelper økonomien i heile området.

Å ta imot eit stort tal turistar er likevel ikkje berre positivt for eit samfunn. Dei kan både bryta ned den opphavlege kulturen i området, slita ned minnesmerka dei er komne for å sjå på, eller føra til at landskapet blir øydelagd av store og stygge hotellbygg. Fleire av dei greske øyane, som Faliraki-området på Rhodos, er døme på dette. For å hindra ei slik oversvømming har nokre land, til dømes Bhutan, innført strenge innreisereglar som set grenser for kor mange turistar dei tek imot.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre