Fådelt skule

(Omdirigert frå Fådelt skole)

Fådelt skule er ein grunnskule med få elevar der elevar frå ulike årstrinn blir underviste saman.[1] Dette skil seg frå ein fulldelt skule, der kvart årstrinn har eigne klassar.[2] Slike skular var vanlege då offentlege skule for alle blei innført frå midten av 1800-talet, og i Noreg var det den vanlegaste skuletypen fram til dei fyrste tiåra av 1900-talet.[3] Seinare er dei blitt mest vanlege i grisgrendte strøk der det bur få ungar. Slike skular blir ofte rekna som viktige for lokalsamfunnet. Alternativet til små, fådelte skular er at elevane pendlar ein annan stad for å gå på skule og bur på internat.[4]

Fådelt skule med eitt klasserom i Queensland i Australia i 1910-åra.

Kjelder endre

  1. «fådelt skole». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. mai 2021. 
  2. «fulldelt skole». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. januar 2021. 
  3. Mydland, Leidulf (24. februar 2011). «The legacy of one-room schoolhouses: A comparative study of the American Midwest and Norway». European journal of American studies (på engelsk) 6 (6-1). ISSN 1991-9336. doi:10.4000/ejas.9205. 
  4. «Committee backs closure of Scotland's smallest school of Skerries». BBC News (på engelsk). 10. desember 2013.