Førde stadion

Førde stadion er eit idrettsanlegg i Førde i Sunnfjord. Anlegget består av ei idrettsbane med grasbane for fotball samt gode fasilitetar for friidrett. I tillegg har anlegget ei kunstgrasbane med flaumlys. Anlegget ligg i tilknyting til Førdehuset, og fasilitetar for garderobe/dusj ligg i Førdehuset.

Førde stadion
Adresse Sunnfjord
Brukarar Førde, Saga, Anga
Underlag Naturgras
Kapasitet 3000
Tilskodarrekord ca. 3000

Førde Fotball sitt 2. divisjonlag for herrar spelar heimekampane sine på grasbana, medan dei andre laga frå kommunen stortsett nyttar seg av kunstgrasbana eller ei av dei tre andre kunstgrasbanene i kommunen. Førde stadion har ein total publikumskapasitet på kring 3000.