Opna hovudmenyen

Førde IL Fotball er ein fotballklubb frå Førde kommune i Sogn og Fjordane. Klubben er formelt ei underavdeling av Førde Idrettslag, men har eige styre og administrasjon.

Førde Fotball
Fullt namnFørde Idrettslag - Fotball
KallenamnDei kvite, The White Army
Grunnlagd17. november 1945
HeimebaneFørde stadion
(kapasitet: 3000)
StyreleiarRasmus Værn
HovudtrenarKnut Erik Folland
SupporterklubbFørde Ultras
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Knut Erik Folland.

Førde A-lagEndra

Herrelaget til Førde rykte opp til 2. divisjon, etter å ha slege IBK Birkebeineren frå Drammen 5-3 samanlagt over to kampar under kvalifiseringa i oktober 2009. Før dette hadde Førde vunne si 3. divisjonavdeling (Firdaligaen) med tre poeng meir enn nr. 2 Tornado Måløy. Sesongen 2010 blir første gong Førde spelar på nivå 3 i norsk fotball sidan 2002, då dei rykte ned frå 2. divisjon i lag med mellom andre nemnte Tornado Måløy.

I sesongane frå 2003 til 2009 har Førde kvart år hevda seg i toppen av fylkesavdelinga i 3. divisjon, og spelte også kvalifisering om opprykk i 2004 og 2008, men i sistnemnde år enda den med eit samanlagt 8-3 tap mot Buskerudslaget Åskollen IF, som seinare er omdøypt til Drammen Ballklubb. I 2008 vart det også sett publikumsrekord for offisielle kampar på Førde Stadion, då tippeligalaget Aalesunds FK gjesta Førde i NM-Cupen.

Frå sesongen 2007 har Knut Erik Folland vore hovudtrenar i Førde, han er tilsett på fulltid i klubben og arbeider også som sportsleg koordinator.

Damelaget til Førde rykte også opp frå 3. divisjon sesongen 2009, og skal dermed spele i damene sin 2. divisjon frå 2010.

Barne- og ungdomsfotballEndra

Førde Fotball har i heile klubben kring 80 lag i ulike aldersgrupper, og mønstrar til saman over 1000 spelarar. Førde er den ubestridt største breiddeklubben i Sogn og Fjordane, og er også mellom dei største på landsbasis. Laga i aldersbestemte klassar har opp gjennom åra vunne ei lang rekkje pokalar i ulike turneringar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Trass i svært gode aldersbestemte lag i ei årrekkje har ikkje Førde førebels lukkast i stor grad å skape fotballspelarar som slår gjennom på nasjonalt nivå, unntaket kan seiast å vere Alexander Ødegaard.

Barnegruppa i klubben arrangerer ein årleg serie for lag med spelarar i aldersgruppa 5-10 år, denne vert kalla Grendaserien. Etter dette styrer barnegruppa ei rekkje Førde-lag i aldersgruppa 11-12 år som deltek i seriar på fylkesnivå. For spelarar i aldersgruppa 13-16 år er det ungdomsgruppa i klubben som gjelder, frå det året dei fyller 15 år, har dei beste spelarane høve til å vere med på satsingslaget Førde Gutt Elite, kor treningsmengda vert betydeleg og dei til ei kvar tid beste spelarane for spele i kampane. Frå 17-årsalder vert dei beste tekne opp i A-stallen, eller tilbudt plass på rekrutterings- og reservelaget Førde 2 i 4. divisjon. Øvrige spelarar får eit tilbod på det nivået som dei ynskjer sjølv. Med dette systemet har Førde på herresida opparbeida seg seniorlag både i 2. divisjon, 4. divisjon og 5. divisjon. Også på damesida er der eit tilsvarande og solid tilbod til alle som ynskjer og spele fotball, uansett alder og nivå.

Frå 2008-sesongen sette det sportslege apparatet i klubben eit nytt prosjekt ut i livet, med det formål og dyrke fram fleire toppspelarar i framtida. Prosjektet går ut på at dei beste gutespelarane allereie frå 15-årsalderen kan få speletid på Førde 2 i 4. divisjon, samt høve til å hospitere med A-laget. Også på jentesida i klubben er hospitering med A-laget for damer godt innarbeidd.

Frå hausten 2008 starta klubben Førde-Akademiet, ein fotballskule som følgjer skuleåret og tilbyr spelarar frå heile klubben i aldersgruppa 10-15 år fleire treningsøkter enn dei får dersom dei berre trenar med laget sitt. Akademiet blei ein kjempesuksess, og måtte opprette ventelister i og med at påmeldingskapasiteten var sprengd. Fagansvarleg for fotballakademiet i Førde er klubben sin fysiske trenar Jo Inge Gåsvær, som tidlegare har undervist det medisinske støtteapparatet i den engelske toppklubben Chelsea FC.

Noverande troppEndra

FasilitetarEndra

A-laget både på herre- og damesida spelar kampane sine på grasbana Førde Stadion, dette er klubben sin hovudarena og inkluderer også ei flaumopplyst kunstgrasbane i full størrelse og med låg standard. Førde Stadion og parkområdet rundt ligg like attmed Førdehuset, kor ein innandørs storhall vert nytta til trening vinterstid for mange av dei aldersbestemte laga.

Sommaren 2013 stod to nye kunstgrasbaner klare i Hafstad Idrettspark, med undervarme og flombelysning. Dette er fyrste del i det som skal bli ein av dei største idrettsparkane i landet. Det nye klubbhuset i parken skal opnast i Desember 2014.

Rundt om i byen og kommunen elles er det flust av treningsmoglegheiter, og laga med dei yngste spelarane trenar og spelar kampane sine på kunstgrasbanene i bydelane Haugum/Hornnes, Halbrend og Slåtten. I tillegg finnast det fleire ballbinger og grusbaner som vert nytta til både uorganisert og organisert fotballspel.

Øyrane Grasbane finst også, og denne vert også nytta til trening av ulike lag i klubben. Samt at den fungerer som ein reservearena for kampar i aldersbestemte klassar, dersom noko skulle hindre kampaavikling på Førde Stadion kunstgras.

AnnaEndra

Førde Fotball er med-arrangør av fotballturneringa SPV Førde Cup kvar haust. Klubben starta i 2008 også opp ein eigen bedriftsserie, som fekk stor påmelding og vart godt motteke av næringslivet i kommunen.

Profilerte spelararEndra

BakgrunnsstoffEndra