Førstegangstjenesten
Førstegangstjenesten er ein norsk humorserie frå 2019, laga av Herman Flesvig og NRK. Serien handlar om unge rekruttar som drar til ein norsk militærleir for å avtene førstegongstenesta. Flesvig speler sjølv fleire av rollene, og serien vart filma på Hvalsmoen utanfor Hønefoss.[1]
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Humor | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Produksjonsland | Noreg | ||
Sesongar | 2 | ||
Episodar | 20 | ||
Lengd | 10–15 min. (per episode) | ||
Språk | Norsk | ||
Skapar | Herman Flesvig | ||
Manus | Herman Flesvig Mikkel Niva | ||
Regi | Erlend Westnes | ||
Foto | Mads Sæther Juul | ||
Periode | 13. desember 2019– 19. november 2021 | ||
Kanal | NRK |
Det vart først laga to pilotepisodar som vart sende i 2019. Episodane fekk positiv mottaking, og NRK sette seg føre å lage ein heil sesong med ti nye episodar i 2020.[2] Sesong 2 hadde premiere i november 2021.[3]
Serien vann Excellence-prisen i 2019 i klassen «årets programserie web-TV», og vart kåra til beste humorprogram under utdelinga Gullruten i 2021.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Førstegangstjenesten» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mari, Persson (18. desember 2019). «Rekord for ny NRK-serie fra Hvalsmoen » (på norsk bokmål). Ringerikes Blad. Henta 13. november 2021.
- ↑ Pettersen, Jørn (19. desember 2019). «Seersuksess: Lager ti nye episoder av «Førstegangstjenesten» » (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 13. november 2021.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (12. november 2021). «Forsvarssjefen om Førstegangstjenesten: – Eg gler meg veldig ». NRK. Henta 13. november 2021.
- ↑ Franck, Cecilie; Solberg, Julie; Røssland, Vilde Holta (8. mai 2021). «Dette er årets Gullruten-vinnere » (på norsk bokmål). Nettavisen. Henta 13. november 2021.