FA-cupfinalen i fotball 1957

FA-cupturneringa i fotball 1957 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 4. mai 1957. Framfor 99 225 tilskodarar tok Aston Villa sin sjuande og siste FA-pokal etter siger 2-1 over Manchester United. Det var 37 år sidan den førre Villa-triumfen i FA-cupen.

KampenEndra

Sju minuttar ut i kampen vart målvakta til Manchester United, Ray Wood, skadd etter eit angrep frå Peter McParland, venstrevengen til Aston Villa. Wood vart frakta av bana og Manchester United måtte halde fram med 10 mann, senterhalfen Jackie Blanchflower tok over mellom målstengene. Midtvegs i den andre omgangen nikka McParland inn det fyrste målet frå kring straffemerket. Fem minuttar etter la same mann på til 2-0 frå 6-meters hald, på ein retur etter eit skot i tverrliggaren. Manchester United reduserte til 1–2 i det 83. minutt ved senterløparen Tommy Taylor, noko som vart sluttsiffera.

Aston Villa sitt vinnarlag: Nigel Sims, Stan Lynn, Jimmy Dugdale, Pat Saward, Peter Aldis, Stan Crowther, Les Smith, Jackie Sewell, Bill Myerscough, Johnny Dixon (kaptein) og Peter McParland.

Manchester United stilte med: Ray Wood, Bill Foulkes, Eddie Colman, Jackie Blanchflower, Roger Byrne (kaptein), Duncan Edwards, Johnny Berry, Billy Whelan, Tommy Taylor, Bobby Charlton og David Pegg.

F. Coultas var dommar.

KjelderEndra