FA-cupfinalen i fotball 1966

FA-cupturneringa i fotball 1966 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 14. mai 1966. 100 000 tilskodarar såg Liverpool-laget Everton FC vinne klubbens tredje FA-pokal, etter å ha vunne med 3 mot 2 over Sheffield Wednesday.

Kampen

endre

Jim McCalliog sende Sheffied Wednesday i føringa i det 4. minutt med ei skot frå 14-15 meter. 12 minutt ut i andre omgang la David Ford på til 2 – 0. I løpet av dei neste sju minutta utlikna Everton-spissen Mike Trebilcock til 2 – 2. Kampen vart avgjort då venstrevengen Derek Temple i det 74. minutt sprang frå Wednesday-forsvaret og frå 18 meters hald sende ein markkrypar i målvaktas høgre hjørne.

Everton sitt vinnarlag bestod av Gordon West, Tommy Wright, Ramon Wilson, Jimmy Gabriel, Brian Labone (kaptein), Brian Harris, Alex Scott, Mike Trebilcock, Alex Young, Colin Harvey og Derek Temple.

For Sheffield Wednesday spelte: Ron Springett, Wilf Smith, Don Megson (kaptein), Peter Eustace, Sam Ellis, Gerry Young, Graham Pugh, John Fantham, Jim McCalliog, David Ford, John Quinn.

Jack Taylor var dommar, åtte år seinare dømde han finalen under VM i fotball 1974.

Kjelder

endre