FA-cupfinalen i fotball 1975

FA-cupturneringa i fotball 1975 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 3. mai 1975, med om lag 100 000 tilskodarar til stades. West Ham United frå London vann FA-pokalen etter siger 2 – 0 over byrival Fulham FC, eit lag frå Andre-divisjon. Det var andre gongen West Ham sigra i FA-cupen, førre triumfen kom i 1964. Fulham har, korkje før eller seinare, spelt ein FA-cupfinale.

KampenEndra

I det 60. minutt sette Alan Taylor ballen mellom beina på Fulham-målvakta, på ein retur etter eit langskot. Fire minutt seinare skåra Taylor frå kort hald, på ny sleppte målvakta eit skot, ved det høvet frå skrått hald.

West Ham sitt vinnarlag bestod av: Mervyn Day, John McDowell, Tommy Taylor, Kevin Lock, Frank Lampard sr, Billy Bonds (kaptein), Graham Paddon, Trevor Brooking, Billy Jennings, Alan Taylor og Pat Holland.

Fulham mønstra: Peter Mellor, John Cutbush, John Lacy, Bobby Moore, John Fraser, Alan Mullery (kaptein), Jim Conway, Alan Slough, John Mitchell, Viv Busby, Les Barrett.

Pat Partridge var dommar.

KjelderEndra