FA-cupfinalen i fotball 1984

FA-cupturneringa i fotball 1984 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 19. mai, med om lag 100 000 tilskodarar til stades. Everton FC sikra seg klubbens fjerde FA-pokal gjennom siger 2–0 over Watford FC, ein klubb som deltok i sin aller fyrste finale i FA-cupen.

Kampen

endre

I det 38. minutt tok Graeme Sharp mot ballen nær ved straffesparkmerket, vende og skaut i mål via målvaktas høgre stolpe. Kampen vart avgjort etter eit langt innlegg frå Trevor Steven som Watford-målvakta fanga i lufta ved bortre stolpe, men som Everton-spissen Andy Gray stanga or grepet til målvakta og i mål.

Everton sitt vinnarlag bestod av: Neville Southall, Gary M. Stevens, Kevin Ratcliffe (kaptein), Derek Mountfield, John Bailey, Trevor Steven, Peter Reid, Adrian Heath, Graeme Sharp, Andy Gray og Kevin Richardson.

Watford FC stilte med Steve Sherwood, David Bardsley, Steve Terry, Lee Sinnott, Neil Price, Les Taylor (kaptein), Nigel Callaghan, Kenny Jackett, Mo Johnston, George Reilly, John Barnes. I 58. minutt kom Paul Atkinson inn i staden for Price.

Dommaren heitte John Hunting.

Kjelder

endre