FA-cupfinalen i fotball 2019
FA-cupfinalen i fotball 2019 fann stad på Wembley stadion i London 18. mai 2019, med 85 854 tilskodarar på tribunane. Finalen stod mellom Manchester City og Watford FC. Favoritten Manchester City vann med heile 6 – 0, jamsides finaleresultatet i 1903 den største sigeren i ein FA-cupfinale.
Kampen
endreDavid Silva sende Manchester City i føringa i det 26. minutt. Tolv minutt seinare stod det 2-0 etter Gabriel Jesus hadde vore frampå. Innbytaren Kevin De Bruyne la på til 3-0 då kampen var ein time gammal. Sidan la Gabriel Jesus på til 4-0, og i løpet av dei siste ti minutta av kampen skåra Raheem Sterling to gongar. Dermed var sluttresultatet 6 mot 0.
Manchester City mønstra: Ederson Moraes, Kyle Walker, Vincent Kompany (kaptein), Aymeric Laporte, Oleksandr Zintsjenko, Bernardo Silva, İlkay Gündoğan, David Silva, Riyad Mahrez, Gabriel Jesus og Raheem Sterling. I løpet av den andre omgang kom etter tur Kevin De Bruyne, Leroy Sané og John Stones i spel, ut gjekk høvesvis Mahrez, Gündoğan og David Silva.
Dommaren heitte Kevin Friend.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2019 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2021.