Fiskeri- og kystdepartementet
(Omdirigert frå FKD)
Fiskeri- og kystdepartementet sto for forvaltinga av fiskeri- og havbruksnæringa samt kystforvaltinga, som omfattar infrastruktur for sjøtransport, hamner, farleier, los- og fyrtenesta, maritime trafikksentralar og elektroniske navigasjonshjelpemiddel.
Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare Nærings- og handelsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.[1]
Departementet blei oppretta i 1946, då under namnet «Fiskeridepartementet». Det noverande namnet fekk det i 2004.