Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet er eit norsk departement som vart oppretta 1. januar 2014.[1]
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1. januar 2014[1] |
Statsråd | Iselin Nybø (V) (Næringsminister) Geir Inge Sivertsen (H) (Fiskeriminister) |
Hovudkontor | Oslo |
Nettside | nfd.regjeringen.no |
Departementet blei oppretta av det tidlegare Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, med unntak av kyst- og miljøavdelinga og delar av avdelinga for forskning, styring og administrasjon. I tillegg fekk departementet overført konkurransepolitisk avdeling frå det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, og ansvaret for selskapslovgiving frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Nærings- og fiskeridepartementet har to statsrådar; næringsminister Monica Mæland og fiskeriminister Elisabeth Aspaker, begge frå Høgre. Næringsministeren er leiar for departementet, [2] men det konstitusjonelle ansvar er delt mellom statsrådane.