Faaberg Idrettslag

(Omdirigert frå Faaberg IL)

Faaberg Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Fåberg i Lillehammer kommune. Idrettslaget vart stifta 21. september 1919. Laget har vore aktivt i fotball, friidrett, handball og ski. Faaberg-laga spelar i gule trøyer og elles blått. Heimekampane i fotball vert spelt på Jorekstad.

Skirennaren Odd Arne Engh vart i 1973 norsk meister i nordisk kombinert.

Faaberg deltok åra 1985 til 1990 i 2. divisjon i fotballsystemet. Høgdepunktet for fotballaget var likevel semifinalekampane i NM-cupen 1985 mot Vålerenga IF. Etter 3–3 på Bislett stadion i Oslo, tapte Faaberg med 1–4 på Jorekstad. Petter Belsvik spelte då på Faaberg IL, i 1994 fekk Jon Inge Høiland sin seriedebut med Faaberg. I 2024 deltok Faaberg på nivå 5 i NFF sitt seriesystem.

Kjelder endre