Petter Belsvik

norsk fotballspelar

Petter Belsvik (fødd 2. oktober 1967) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar, som scora totalt 159 mål i Tippeligaen. Han er med dette på 3. plass på lista over flest scora mål samanlagt, etter Sigurd Rushfeldt og Harald Martin Brattbakk. Trass i dette spelte han aldri for det norske landslaget, og vart heller aldri toppscorar i Eliteserien. Han vart til gjengjeld cupmeister med Stabæk i 1998, og seriemeister med Rosenborg i 2000.

Petter Belsvik
Personleg informasjon
Fødd2. oktober 1967 (56 år)
FødestadLillehammer i Noreg
Høgd188 cm
SpelarposisjonAngrep
Seniorspelar*
ÅrLagKmp(Mål)
1984–1985Lillehammer FK8(1)
1985–1988Faaberg IL53(21)
1989–1991Molde66(28)
1992–1993Hamarkameratene40(23)
1994–1995Start46(38)
1994Aalborg (lån)3(1)
1995Southend (lån)3(1)
1996–2000Stabæk94(60)
1997Austria Wien (lån)3(0)
2000–2001Rosenborg15(5)
2001–2002Vålerenga39(12)
2003Lillestrøm13(1)
1984–2003Totalt:383(191)
Trenarlag
2007–2008Stabæk (Assistenttrenar)
2009–2011Lillestrøm SK (Assistenttrenar)
2012–2013Stabæk
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Etter at han la opp som spelar, var Belsvik ein del av trenarapparatet i Stabæk frå 2004-2008. Han var assistenttrenar under Jan Jönsson då Stabæk tok seriegull i 2008. Frå 2009 til 2011 var Belsvik ein del av trenerteamet til Lillestrøm. Belsvik vart 1.1.2012 tilsett som hovudtrenar for Stabæk.

Klubbkarriere endre

Belsvik må kunne skildrast som ein klubbnomade og er den spelaren som har spelt for flest norske toppserieklubbar.[1] Han er òg den som har skåra for flest ulike norske toppserieklubbar.[1] Han spelte toppseriefotball for Molde, Ham-Kam, Start, Stabæk, Rosenborg, Vålerenga og Lillestrøm, og han har òg hatt korte opphald i utlandet – for den engelske klubben Southend United, danske AaB og austerrikske Austria Wien.

Merittar endre

  • Seriemeister med Rosenborg (2000 og 2001)
  • Seriemeister med Aalborg (1994/95)
  • NM–finalevinnar med Stabæk (1998)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Petter Belsvik (Trenerprofil)». LSK.no. 18. januar 2011. Henta 2. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff endre