Fabian Rießle (fødd 18. desember 1990) er ein tysk kombinertrennar frå St. Märgen i delstaten Baden-Württemberg. Åra 2014-19 vann han fire OL-medaljar og like VM-medaljar i øvinga. Både i 2015 og 2017 var han med i dei tyske mannskapa som vann lagtevlinga i verdsmeisterskapen, sameleis under Vinter-OL 2018. Under Ski-VM 2019 gjekk han, i spann med Eric Frenzel, inn til gull i tomannstevlinga. I individuelle tevlingar vann Rießle ein bronse i Vinter-OL 2014 og ein sølv i Vinter-OL 2018. Frå desember 2015 til mars 2018 sigra han i 9 individuelle renn i verdscupen i kombinert.

Fabian Rießle


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 18. desember 1990 (33 år)
Freiburg im Breisgau
Idrett kombinert
Tok del i

Kombinert under Vinter-OL 2014 – Lag

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.