Eric Frenzel (fødd 21. november 1988) er ein tysk kombinertløpar frå Annaberg-Buchholz i Sachsen. Han vart verdsmeister i kombinert både i 2011 (N+10) og i 2013 (S+10). Under vinter-OL 2014 i Sotsji vann han OL-gull i N+10-tvelinga. Frenzel har også vunne ein individuell bronsemedalje, samt tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar i ulike lagtevlingar i dei internasjonale meisterskapane i tida 2009-13. I 2013 vann han verdscupen i kombinert og sikra seg dermed FIS-pokalen i idrettsgreina.

Eric Frenzel


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 21. november 1988 (35 år)
Annaberg-Buchholz
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2022

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Champion des Jahres, Silbernes Lorbeerblatt, Ehrenkreuz der Bundeswehr in Bronze für treue Pflichterfüllung und über- durchschnittliche Leistungen, Den bayerske fortjenstorden, Bayerischer Sportpreis, Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport

Eric Frenzel (2022)

Aktiv endre

Frenzel vart juniorverdsmeister i kombinert-sprint i 2007. Same sesongen deltok han også i verdsmeisterskapen på ski i Sapporo, men utan å gjere seg gjeldande. I januar 2008 lukkast han å vinne eit verdscuprenn i Klingenthal, og hevda seg elles godt i fleire tevlingar, slik at han kom på sjuandeplass i kampen om FIS-pokalen i kombinert. Han deltok i alle de fire kombinert-øvingane under ski-VM 2009 i Liberec. Her fekk han seg ein sølvmedalje med Tyskland sitt firemannslag i lagtevlinga og vart som best nummer åtte i dei individuelle renna.

I 2010-sesongen etablerte Frenzel seg i verdstoppen i kombinert. Han vann eit verdscuprenn i Seefeld i slutten av januar månad, og han fekk med seg ein bronsemedalje frå lagtevlinga under vinter-OL i Vancouver, individuelt vart han som best nummer ti i olympiaden. Både i 2010-sesongen og 2011-sesongen hamna han på fjerdeplass i verdscupen i kombinert. Frenzel lukkast overmåte godt under VM på ski 2011, då han tok medalje i alle dei fire øvingane som vart avvikla. Individuelt vann han ein gullmedalje då det var hoppa i normalbakken, og ein bronsemedalje då det vart hoppa i storbakken, i begge tevlingane gjekk deltakarane 10 km. Under meisterskapen vart det også arrangert to lagtevlingar, der Tyskland og Frenzel måtte nøye seg med sølvmedaljar, slått av Austerrike i begge tevlingane.

Frenzel var verdas beste kombinertløpar i 2013-sesongen, og vann FIS-pokalen ganske klart. I januar månad vann han fire strake sigrar i verdscupen, og plussa på med to nye sigrar i mars. Mellomtida nytta Frenzel til å verte verdsmeister under ski-VM 2013 i Val di Fiemme, i tevlinga der det vart hoppa i storbakken. Etter å ha sett bakkerekord med 138,5 meter i hoppdelen av øvinga, gjennomførte han langrennet i einsam majestet. I den nye øvinga med veksel-stafett sikra Frenzel seg ein bronsemedalje, saman med Tino Edelmann.

Verdscupsigrar endre

Nr. Dato Stad Land
1. 20. januar 2008 Klingenthal   Tyskland
2. 30. januar 2010 Seefeld   Austerrike
3. 4. desember 2011 Lillehammer   Noreg
4. 19. januar 2013 Seefeld in Tirol   Austerrike
5 20. januar 2013 Seefeld in Tirol   Austerrike
6. 26. januar 2013 Klingenthal   Tyskland
7. 27. januar 2013 Klingenthal   Tyskland
8. 8. mars 2013 Lahti   Finland
9. 15. mars 2013 Oslo   Noreg

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Eric Frenzel – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.