Fabio Grosso

italiensk fotballspelar

Fabio Grosso (fødd 28. november 1977) frå Roma er ein italiensk fotballspelar som sidan 2009 har spela for Juventus. Mellom 2003 og 2009 spela han 48 landskampar for Italia, og var sideback på laget som vann VM 2006 i Tyskland.

Fabio Grosso


Statsborgarskap Italia
Fødd 28. november 1977 (46 år)
Roma
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, FIFA Confederations Cup 2009, EM i fotball 2008

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste, offiser av Republikken Italias fortjenstorden

Klubbspel endre

Grosso spela på nivå 3 i italiensk fotball fram til 2001. Etter å ha vort overført til Perugia debuterte han i Serie A hausten 2001. Januar 2004 signerte han for Palermo og var den sesongen med på å vinne Serie B.

I juni 2006, like før VM i fotball tok til, vart det kjent at Grosso var overført til Inter. Han spela berre ein sesong i Inter, men opplevde å verte italiensk serievinnar. allereie sommaren 2007 skreiv han kontrakt med den franske toppklubben Lyon. I sin fyrste sesong var han med på å sikre klubben både serie- og cupgull. Etter to år i Frankrike drog han sommaren 2009 tilbake til Italia, Juventus vart då hans nye klubb. Han mista plassen i fyrsteellevaren i 2011.

Landslagsspel endre

Grosso debuterte på det italienske landslaget i 2003. Han er best kjent for å ha skåra 1-0-målet i semifinalekampen mot Tyskland under verdsmeisterskapen i fotball 2006, samt det femte og avgjerande straffesparket i straffetevlinga som avgjorde VM-finalen mellom Italia og Frankrike, etter at sjølve kampen enda 1-1.

Grosso var også med for Italia i EM i fotball 2008. Italia vart då slått ut av turneringa i kvartfinalen etter å tapt straffeskytinga mot den seinare europameisteren; Spania. Han spela sin 48. og siste landskamp hausten 2009, i alt skåra han fire landslagsmål.

Meistertitlar endre

  • VM-gull 2006 for Italia
  • Italiensk seriemeister med Inter 2007
  • Fransk seriemeister med Olympique Lyon i 2008
  • Fransk cupmeister med Olympique Lyon i 2008

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fabio GrossoFIFA sin offisielle nettstad