Fairbanks er ein by i den amerikanske delstaten Alaska med 31 535 innbyggarar (2010). Dette gjer han til den nest mest folkerike byen i Alaska etter Anchorage. Han er den største byen i den indre delen av delstaten og ligg på begge sider av elva Chena River.

Sentrum av Fairbanks

I Fairbanks finst armébasen Fort Wainwright og flybasen Eielson Air Force Base, som vart bygde under den andre verdskrigen.

Klima endre

Byen ligg på på 64,5° nordlege breiddegrad (omtrent same breiddegrad som Namsos i Trøndelag). Mørketida om vinteren i Fairbanks er altså omtrent like lang som i Namsos.

Fairbanks har eit subarktisk innlandklima med store temperaturvariasjonar. Høgsommarane er korte og temperaturmessig særs like høgsommarane i Oslo. Vintrane er likevel mykje kaldare enn i Oslo, med temperaturar som ofte går under -25 grader celsius, som gjer Fairbanks til USAs kaldaste by.[1]

Transport endre

  • Fairbanks International Airport
  • Alaska Railroad
  • George Park sin Highway

Utdanning endre

Kjelder endre

  1. The Coldest Cities in the United States