Anchorage er ein by og ein kommune («borough») i den USA-amerikanske delstaten Alaska. Kommunen har ei flatevidd på 5 079,2 kvadratkilometer og 291 826 ibuarar (2010); drygt 40 % av folket i Alaska bur såleis i kommunen. Sjølve byen har i kring 240 000 ibuarar. Ordet «anchorage» tyder ankerplass.

Anchorage
Horisonten til Anchorage
Horisonten til Anchorage
Byvåpenet til Anchorage
Styresmakter
USA USA
Borgarmeister Dave Bronson Sjå dette på Wikidata
Geografi
Flatevidd 5 035,063041 km²
Innbyggjarar
 - By (1. april 2020)

291 247[1][2]
Høgd over havet 31 m
Tidssone UTC-09:00, UTC-08:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.muni.org
Plassering
Plasseringa av Anchorage (raud) i Alaska
Plasseringa av Anchorage (raud) i Alaska
Plasseringa av Anchorage (raud) i Alaska

Anchorage by ligg på 61,2° nordleg breidd i den sentrale delen av delstaten, ved Chickaloon Bay, ca 1 000 km vest om Juneau, hovudstaden i Alaska. På grunn av nærleiken til havet er klimaet ikkje så kaldt som på stader i innlandet på same breiddegrad, somrane er derimot litt svalare enn dei i innlandet, så som Fairbanks.

Den 27. mars 1964 gjorde eit jordskjelv store skader på bygningar i byen, og fleire menneske omkom. Det såkalla Langfredagsskjelvet vart målt til 9,2 på Richterskalaen, og er det kraftigaste jordskjelvet i USA. I dag er City-hospitalet, teikna av Frank Lloyd Wright, den mest kjende bygningen i Anchorage.

I Anchorage finst to universitet, University of Alaska (skipa 1954) og Alaska Pacific University (skipa 1957).

Samferdsle endre

Anchorage har ein stor internasjonal flyplass, Ted Stevens Anchorage International Airport. Fly er eit viktig transportmiddel, mange gamle propellfly som DC-3 flyg framleis kommersielt i denne delstaten.

Anchorage er knytt til den einaste jarnvegen i Alaska; Alaska Railroad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Anchorage