Fajanse er ein type keramisk gods. Kjenneteiknet på fajanse er ein blyglasur som er tilsett tinnoksid, noko som gjer glasuren ugjennomsiktig (opak) kvit. Godset under glasuren er eit porøst leirgods, ofte med guleg farge.

Faience de Lunéville

Ordet fajanse kjem truleg frå den italienske byen Faenza der det frå 1400-talet var rik fajanseproduksjon.

Fajanse har i norsk også vorte brukt om engelsk flint, eit kvitt gods med gjennomsiktig glasur, til dømes gods frå Egersund Fayancefabrik som aldri har produsert fajanse av den eigentlege sorten.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.