Glasur
- For glasur på mat, sjå glasering.
Glasur (frå tysk, avleidd av glas) er eit glatt dekke på keramikk laga av knuste mineral. Glasuren gjev det keramiske produktet ein sterk, vasstett og dekorativ overflate.[1]
Glasuren blir som regel påført etter første brenning av keramikken. Alt etter føremål, eigenskapar og farge har han varierande samansetnad.[1]
GalleriEndra
- Glasur på ulike produkt
Japansk keramikk frå Naraperioden
Meissen-porselen med blå underglasur
Farga blyglasura på majolika frå ca. 1870
Japansk rakukopp
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 «glasur - keramisk». Store norske leksikon. 4. desember 2018.