Familien Ashton (engelsk A Family At War) var ein britisk fjernsynsserie som vart synt på NRK på 1970-talet. Serien som vart skapa av John Finch og produsert av Granada Television for det kommersielle fjernsynsnettverket ITV vart opphavleg synt på britisk fjernsyn frå 1970 til 1972. Serien var òg særs populær i Noreg. Den omhandlar mellomklasse-familien Ashton frå Liverpool og følgjer deira skjebne frå 1938 og gjennom andre verdskrigen.

A Family At War
Norsk tittel: Familien Ashton
Typefjernsynsserie
Sjanger Drama
OpphavslandStorbritannia
ProduksjonslandStorbritannia
Introduksjonsår1970
Sesongar3
Episodar52
Lengd60 minutt
SpråkEngelsk
SkaparJohn Finch
MusikkRalph Vaughan Williams
MedverkandeColin Douglas
Barbara Flynn
Leslie Nunneley
Coral Atkins
Periode14. april 1970
16. februar 1972
KanalITV
LydformatMono

Det vart laga 52 episodar, alle unntatt åtte i fargar. Episodane 25 til 32 vart filma i svart-kvitt på grunn av av ein fagforeiningskonflikt.

Den minneverdige temamusikken er teken frå første sats ("Allegro") av Ralph Vaughan Williams sin Symfoni nr. 6.

Personar

endre

DVD-utgåve

endre

Alle episodane av A Family At War er utgjevne på DVD i Storbritannia. Første årgang er òg tilgjengeleg via Amazon.com.

Lenkjer

endre