Fana Folkehøgskule
60°15′6.2568″N 5°15′59.656″E / 60.251738000°N 5.26657111°E
Fana Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Hjellestad bydel i Bergen kommune. Skulen tar årleg imot vel 100 elevar og er eigd av Nord- og Midhordland Høgskulelag. Skulen vart etablert i 1915 og er bygd opp rundt garden Store Milde frå 1700-talet.
Linjefag på Fana Folkehøgskule skuleåret 2013-14
endre- Biletkunst
- Fotografi og film
- Psykologi
- Drama og fysisk teater
- Musikk
- Community - kultur og bistand
I tillegg til linjefaga er det ei rekke temafag og valfag. Elevane kan velje nye tema- og valfag 3 gonger i året. Alle linjene drar på minst ein studietur til utlandet.
Den norske forfattaren Jostein Gaarder arbeidde på denne skulen som lærar i fleire år.[1]
Referansar
endre- ↑ «Jostein Gaarder» (på norsk). Aschehoug.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2011-04-07 ved Wayback Machine.