Opna hovudmenyen

Faredag, fardag eller flyttedag er lovfesta eller hevdvunne datoar for når tenestefolk, leiglendingar eller forpaktarar skal forlate posten sin eller bruka sine. I dei fleste samanhengane er faredagen blitt ei historisk nemning.


Faredagar i NoregEndra

I forpaktingslova er faredagen regulert i § 5. Der heiter det at faredag for tiltreding og fråtreding av forpakta eigedom er den 14. april, så sant anna ikkje er avtalt eller bestemt av departementet. Fell faredag etter reglane ovanfor på ein søndag eller helgedag, gjeld den følgjande dagen som faredag.

Historiske faredagarEndra

Etter Norske Lov 3-21-9 måtte tenestefolk som skulle ta seg ny teneste, seie opp plassen sin innan åtte veker før faredagen, som var 14. april eller 14. oktober.

Etter Norske Lov 3-14-40 skulle leiglending, om han ville flytte frå ein gard, klargjere halvdelen av husa til første faredag, når trettande dag etter julehelg var ute. Han skulle fare frå garden innan 14. april. Om han ikkje fekk tak i ny jord og vart husvill, kunne han halde på fjerdedelen av husa til krossmesse den 3. mai.

Etter lokal sedvane kunne det i somme landsdelar eller byar vere andre faredagar.

BakgrunnsstoffEndra