Fargefotografi er ei form for fotografi der ein bruker medium som kan gje att fargar, til forskjell frå svart-kvitt.

Tidleg fargefotografi, eit utsyn over Agen i Frankrike, teke av Louis Ducos du Hauron i 1877.

Ulike teknikkar for fargefotografi blei utvikla på midten av 1800-talet. I tidlege eksperiment hadde ein problem med å fiksera bilda og forhindra fargane frå å bleikna. Det første permanente fargefotografiet blei teke i 1861 av fysikaren [[James Clerk Maxwell] Ein tidleg metode for å ta fargefoto var ved hjelp av tre fotoapparat. Kvart apparat hadde eitt fargefilter framfor objektivet, som gav tre grunnleggande fargekanalar for å gje att eit bilde i fargar i mørkerommet. Den russiske fotografen Sergej Prokudin-Gorskij utvikla ein annan teknikk med tre fargeplater som blei tekne i rask rekkefølgd.

Tidleg fargefotografi registrerte berre eit avgrensa fargespekter. Først ved byrjinga av 1900-talet utvikla fotokjemikarar som H.W. Vogel ein emulsjon for fargefilm som var sensitiv nok til at grønt og raudt lys blei teke opp.

Kjelder endre

  Denne teknologiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.