Farmasi (frå gresk pharmakon, som tyder 'lækjemiddel') er læra om framstillinga av lækjemiddel, og soleis eit fag som kombinerer kunnskapar i kjemi med dei vitskapane som har med sjukdom, helse og sunnheit hjå menneske og dyr å gjere.

Farmasiundervising i Paris på 1500-talet.

Nemninga farmasi er òg nytta om dei yrka som krev kunnskap om lækjemiddel for å produsere, kontrollere, levere ut og informere om lækjemiddel og korleis dei virkar, slik det til dømes vert gjort på apoteka. Dei som har godkjend utdanning i faget, vert kalla farmasøytar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Farmasi