Farne Islands
55°37′19″N 1°37′41″W / 55.622°N 1.628°W
Farne Islands (tidlegare ofte kalla Farnes) er ei øygruppe utanfor kysten av Northumberland i England. Ho består av 15-20 øyar alt etter tidvassnivået.[1] Dei ligg spreidd 2,5-7,5 km frå land og er delt inn i to grupper, dei indre og dei ytre øyane. Hovudøyane i den indre gruppa er Inner Farne, Knoxes Reef og East og West Wideopens (som alle heng saman ved fjøre sjø) og the Megstone. Dei største øyane i den ytre gruppa er Staple Island, the Brownsman, North og South Wamses, Big Harcar og the Longstone. Mellom dei to gruppene går Staple Sound. Det høgaste punktet, på Inner Farne, er 19 meter over havet.
Historie
endreDei første kjende innbyggjarane på Farne Islands var forskjellige culdee-munkar, somme knytte til Lindisfarne. Dei levde her som eremittar. St. Cuthbert innførte spesielle lover her i 676 som verna ærfuglane her. Dette trur ein er dei tidlegaste fuglevernslovene nokon stad.
Øyane har i dag ingen permanent busetnad. Alle fyra på Farneøyane er i dag automatisert, men vart i tidlegare år drivne av fyrvaktarar.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Farne Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ein reiseguide for Northumbria., arkivert frå originalen 31. oktober 2007, henta 23. januar 2010