Fasces er namnet på eit symbol som opphavleg var ein bunt med pinnar eller kjeppar som vart borne under opptog og seremoniar i det gamle Romarriket som teikn på makt. Pinnane var gjerne av bjørk eller alm, bunde saman med eit raudt band og utstyrt med ei øks. Kjeppane symboliserte retten til å straffe med slag, medan øksa symboliserte halshogging og dødsstraff. Trass i symbolikken med øksa, kunne ein romersk embedsmann ikkje utan vidare henrette ein romersk borger. Som følje av dette hadde ein fasces som befann seg innanfor bygrensa ikkje ei øks i knippet. Ein diktator måtte likevel ha ei øks i fascesen sin.

Romersk fasces
Politi- og lensmannsetaten i Noreg sitt våpenskjold

Fasces brukes framleis fleire stader som symbol for statleg autoritet og rett til å straffe, ordensmakt og politivesen, men òg for rettferd.

Ordet fasces er ei fleirtalsform av det latinske fascis som tyder ei «bunt» eller eit «knippe».

Seinere bruk endre

Etter at Romarriket braut saman har fasces i mange høve vore nytta av styresmaktene som eit symbol på makt eller som symbol for organisasjoner som såg seg som etterfølgjarar av Romarriket.

I Italia vart fasces symbol for Mussolini sin fascisme, og namnet på rørsla kjem frå fasces. Symbolet finst i mange samanhengar (til dømes på byggverk) frå denne tida

Fasces har ikkje det same dårlege ryet som hakekorset og inngår framleis i dag i forskjellige styresmakters insignier. Dette førekjem ofte i til dømes USA. Jamvel i det heraldiske våpenskjoldet til politiet i Noreg er fasces med som symbol på utøving av makt.

Bakgrunnsstoff endre