Fastelavnssundag

Fastelavnssundag, i Den norske kyrkja offisielt kalla sundag før faste, er den siste sundagen før faste og den siste sundagen i openberringstida.

Fastelavn, frå lågtysk, tyder eigentleg faste-aftan, kvelden før faste, og er ei nemning for festen dei tre dagane før langfasta. I gamle kyrkjebøker kan vi finne dagen under namnet quinquagesima, av latin, 'den femtiande dagen (før påske)'. Dagen har også vore kalla esto mihi, etter opningsorda på introitus denne søndagen: «Esto mihi in Deum protectorem, et in locum refugii, ut salvum me facias» (Salmane 31,3).

Fastelavnssøndag vil alltid falle på ein søndag 49 dagar (7 veker) før 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 1. februar til 7. mars, eller i skotår 2. februar til 7. mars.

År Dato for fastelavn
2021 søndag 14. februar
2022 søndag 27. februar
2023 søndag 19. februar
2024 søndag 11. februar

Sjå ogEndra

KjelderEndra

Fastelavn

Faste