Introitus
Introitus, av latin 'inngang', er namnet på det første leddet i den katolske messa. Introitus er samansett av
- a) ein antifon, oftast eit vers eller to frå dagens epistel
- b) eit vers frå ein davidsalme etterfulgd av
- c) Gloria Patri før
- d) antifonen vert gjenteken.
Opphavleg vart introitus sungen medan prosesjonen med presteskapen gjekk inn i kyrkja. Introitus kom inn i liturgien på 400-talet, den første tida vart det sungen ei heil davidssalme, som gjennom tida var nedkorta. Det finst mange ulike melodiar til introitus, ofte vert gregoriansk song nytta.
I den lutherske kyrkja brukast i staden for det katolske introitus ein inngangssalme som vert sungen på morsmålet. Tematisk kan likevel desse inngangssalmene ta opp i seg trekk frå dei bibelske salmane som vert bruka i det katolske introitus.
Kjelder
endre- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962