Father Christmas
Singel av The Kinks
B-side

«Prince of the Punks»

Utgjeve 25. november 1977
Innspelt 1976, fullført i oktober 1977
Studio Konk Studios i Hornsey i London
Sjanger Punkrock, power pop
Lengd 3:45
Selskap Arista 153 (UK)
Arista AS 0296 (US)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Juke Box Music»
(1977)
Father Christmas «A Rock 'n' Roll Fantasy»
(1978)


«Father Christmas» er ein song frå 1977 av den engelske gruppa The Kinks.[1][2]

Han fortel soga om ein mann i ein butikk utkledd som julenisse som vert banka av fattige ungdomar som ber han om å gje dei pengar i staden for leiker.

Songen er blitt spelt av mange andre artistar som Gigolo Aunts, Dispatch, Green Day, Man Overboard, Bad Religion, Warrant, Lit, Bowling For Soup, Save Ferris, Smash Mouth, Cary Brothers, Action Action, Everything, Deer Tick, OK Go og Cheap Trick.

Songen er nytta i fjernsynsseriane i Unaccompanied Minors, That '70s Show og Bob's Burgers.[3]

Songen kom ut på samleplata Come Dancing with The Kinks og finst som bonusspor på CD-utgåva av albumet Misfits frå 1978.

B-sida til singelen var ein annan song av Ray Davies, «Prince of the Punks». Han vart skriven i etter Davies hadde vore produsent for debutalbumet til Café Society i 1975, ein prosess som enda bittert.[2][4] Davies skreiv som ein del av teksten «Tried to be gay/But it didn’t pay/So he bought a motorbike instead» («Prøvde å vere homo, men det betalte seg ikkje, så han kjøpte ein motorsykkel i staden», i ein direkte referanse til Tom Robinson, eit av medlemmane i Cafe Society.[2]

Kjelder endre

  1. «The Kinks - Father Christmas (Vinyl)». Discogs.com. Henta 27. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Café Society | Biography & History». AllMusic. Henta 27. april 2018. 
  3. Dyanamaria Leifsson (17. desember 2012). «Bob's Burgers Season 3 Review «God Rest Ye Merry Gentle-Mannequins»». tv equals. Henta 27. april 2018. 
  4. «Cafe Society (4) - Cafe Society (Vinyl, LP)». Discogs.com. Henta 27. april 2018.