Fauna viser til dyrelivet som finst i eit avgrensa område og/eller i eit avgrensa geologisk tidsrom. Omgrepet svarer til flora i botanikken. Som «flora» kan «fauna» også brukast om oppslagsverk som gjev eit slikt avgrensa oversyn over dyr. Ordet blei først brukt slik i Fauna Suecica av Carl von Linné i 1747.

Skjematisk framstilling av faunaen, dyrelivet, på ei øy.

Ordet kjem frå den romerske gudinna Fauna, som stod for jord og grøde, og er knytt til guden Faunus og skapningane faunar. Alle desse namna er avleidde av den greske guden Pan.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne dyreartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.