Pattedyr i Noreg
Pattedyr i Noreg er ei oversikt over pattedyr med ville bestandar på norsk territorium, inkludert Svalbard og Jan Mayen. Menneske og husdyr er ikkje rekna med.[1]
Tabellen under er inndelt i ordenar, familiar og artar.[1][2]
Innleiing
endreInnvandringa til pattedyra skjedde for alle nålevande pattedyr sitt vedkomande etter siste istid, den faunaen som levde her mellom tidlegare istider hadde anten vandra sørover eller døydd ut. Nokre av dagens pattedyr er innførte til landet. Dei fleste artene har ei sirkumpolar utbreiing i samband med Nordishavet, og er tilpassa eit arktisk klima. Lemen er einaste art som ser ut til å ha si hovudutbreiing i Noreg.
Dei tidlegaste innvandrarane var kvalar og selar, tett følgt av reinsdyr, raudrev, fjellrev og menneske. Typiske skogsartar som elg, brunbjørn og mange gnagar- og flaggermusarter har først kunna etablere seg etter at landa var vorte skogkledd. Den norske pattedyrfaunaen er relativt artsfattig, men det blir forventa at fleire nye europeiske arter vil klare å etablere seg der i framtida. Villsvin vart utrydda i bronsealderen, nordkaper og svartrotte i historisk tid. Villsvin har vandra inn att frå Sverige, medan moskusfe, som var utbreidd i landet i førre mellomistid, har vorte introdusert på nytt.
Pattedyr sine leveområde. Pattedyra lever i alle slag biotopar i Noreg; frå bybakgardane til breen og skoggrensa til det karrige skjeret. Husmus og brunrotte er fullt knytt til menneske. Òg raudrev og grevling er vanleg i byar. Fleire arter trivst best i landbrukets kulturlandskap, som til dømes vånd, rådyr, raudrev, grevling og piggsvin. Mange av dei større pattedyra, som elg, hjort, brunbjørn, ulv, gaupe, mår og bever, har si hovudutbreiing i barskog og blandingsskog, noko som er med på å underbygge den utbreidde førestillinga om at «ville dyr lever i skogen». Rein, lemen, jerv og røyskatt er dyr som har sin hovudutbreiing på fjellet, det vil seie over tregrensa, eller i vierbandet opp mot tregrensa. Oteren er eit kystdyr som både trivst i havet og langs strandkanten. Nokre av dei sjølevande pattedyra har sin hovudutbreiing ut mot det opne havet (som havert), medan nise og steinkobbe er kystnære. Vågekvalhoene kan trekkje inn i fjordane, men dei fleste kvalane lever langt ute frå kysten.
Vernestatus. Artar som er truga av utrydding i Noreg er registrert på norsk raudliste 2006, med ein ei gradert vurdering som går frå «omsynskrevjande»/«nær truga» til «kritisk truga». Òg artar kor bestandstalet er ukjend kan bli lista opp på raudlista. Nye arter som ikkje er ynskt i norsk fauna blir lista på norsk svarteliste, og slike pattedyr (villsvin, mink og mårhund) vil det normalt vere tillate å jakte på heile året. Dyra er svartelista fordi ein fryktar at brei introduksjon av arta kan ha uønskte økologiske konsekvensar.
Piggsvindyr (Erinaceomorpha)
endrePiggsvinfamilien (Erinaceidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand[3] | Jakt[4] |
---|---|---|---|---|
Piggsvin Erinaceus europaeus |
Sør- og Midt-Noreg opp til Nordland | Skog og kulturlandskap | Livskraftig bestand, men i tilbakegang sidan 1970-talet | Uaktuelt |
Spissmusdyr (Soricomorpha)
endre-
DvergspissmusFoto: Salix
Spissmusfamilien (Soricidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Vasspissmus Neomys fodiens |
Heile landet bortsett frå Finnmarkskysten | Bekkefar og vassdrag | Talrik, men internasjonalt er bestanden anteke minskande | Uaktuelt |
Krattspissmus Sorex araneus |
Heile landet | Frå kyst til høgfjell | Talrik | Uaktuelt |
Lappspissmus Sorex caecutiens |
Berre registrert i Finnmark | Fjell og fjellskog | Usikker, truleg talrik | Uaktuelt |
Taigaspissmus Sorex isdodon |
Berre registrert i Nordland og Hedmark | Usikker, truleg skog og fjellskog | Raudlista grunna manglande data | Uaktuelt |
Knøttspissmus S. minutissimus |
Kjent frå Aust- og Midt-Noreg og dessutan Nordland, men utbreiinga er truleg langt større | Skog opp til bjørkebeltet | Bestanden anteke livskraftig, men kunnskapen er mangefull[5] | Uaktuelt |
Dvergspissmus Sorex minutus |
Spreitt over heile landet, ikkje registrert i Lofoten | Frå kyst til fjell | Usikker, truleg talrik | Uaktuelt |
Flaggermus (Chiroptera)
endre-
Vassflaggermus
Foto: Eduard Oscar Schmidt
Glattnasefamilien (Vespertilionidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Nordflaggermus Eptesicus nilssonii |
Heile landet bortsedd frå Finnmarksvidda | Opne område, gjerne òg buområde | Talrik i Sør-Noreg | Uaktuelt |
Storflaggermus Nyctalus noctula |
Rundt Oslofjorden og dessutan på Finnøy i Rogaland | Gammal lauvskog | Raudlista grunna manglande data, truleg sjeldan[6] | Uaktuelt |
Trollflaggermus Pipistrellus nathusii |
Vestlandet, finst moglegvis òg sør og aust i landet | Ukjent | Raudlista grunna manglande data.[7] | Uaktuelt |
Dvergflaggermus Pipistrellus pygmaeus[8] |
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal | Lauvskog og kulturlandskap | Vanleg, men kan vere omsynskrevjande grunna store enkeltkoloniar. | Uaktuelt |
Breiøyre Barbastella barbastellus |
Akershus og Vestfold | Knytt til gammal lauvskog | Sjeldan i heile leveområdet. Rekna som utdøydd i Noreg fram til han vart registrert i 2008.[9] | Uaktuelt |
Brunlangøyre Plecotus auritus |
Låglandet i heile Sør-Noreg nord til Trondheim | Skog | Talrik | Uaktuelt |
Skimmelflaggermus Vespertilio murinus |
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal | Svært varierande | Omsynskrevjande | Uaktuelt |
Skogflaggermus Myotis brandtii |
Sør-Noreg nord til Verdal | Barskog | Omsynskrevjande | Uaktuelt |
Vassflaggermus Myotis daubentonii |
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal, nord i Hedmark [10] | Lågtliggjande strøk. Jakter ofte over elver og vatn[10] | Talrik[11] | Uaktuelt |
Skjeggflaggermus Myotis mystacinus |
Sør-Noreg opp til Trøndelag | Låglandet[12] | Ukjent, arten er vanskeleg å skilje frå andre[13] | Uaktuelt |
Børsteflaggermus Myotis nattereri |
Oslo | Ukjent [14] | Berre éit stadfest funn i Noreg (Oslo, 1961)[14] | Uaktuelt |
-
Sørhare
Foto: Malane Thyssen
Harefamilien (Leporidae) | Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Sørhare Lepus europaeus |
Østfold (særleg Halden) og Akershus, som streifdyr frå Sverige | I Noreg mest knytte til kulturlandskap | Sjeldan | Jaktbar september–februar |
Hare Lepus timidus |
Vanleg i heile landet | Dei fleste biotopane frå fjøra til over tregrensa | Talrik | Jaktbar september–februar 25 000 dyr årleg [15] |
Kanin Oryctolagus cuniculus |
Nokre rømde dyr, mest rundt Oslo. Villkanin utsett på Fedje og Edøy[16] | I Noreg knytte til kulturlandskap | Sjeldan | Uaktuelt |
Ekornfamilien (Sciuridae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Ekorn Sciurus vulgaris |
Heile landet | Barskog | Vanleg. Sårbar internasjonalt.[17] | Jaktbar |
Beverfamilien (Castoridae) |
||||
Bever Castor fiber |
Sørlandet, Austlandet, Trøndelag, Helgeland | Vatn og vassdrag | Vanleg. Sårbar internasjonalt.[17] | Jaktbar 2 300 dyr årleg.[15] |
Hoppemusfamilien (Dipodidae) |
||||
Bjørkemus Sicista betulina |
Frå Romerike i Akershus til Rana i Nordland | Fuktige område med tett vegetasjon | Ukjent; ingen dokumenterte truslar[18] | Uaktuelt |
Hamsterfamilien (Cricetidae) |
||||
Vånd Arvicola amphibius |
Heile landet utanom Finnmarkskysten og tilsynelatande delar av Vestlandet | Knytt til kulturlandskap, særleg jordbruk | Talrik | Blir felt som skadedyr |
Markmus Microtus agrestis |
Heile landet | Område med gras: Enger, vidder, elvebankar | Talrik, moglegvis vanlegaste pattedyrarta i landet | Uaktuelt |
Austmarkmus Microtus rossiaemeridionalis |
Svalbard[19] | Graskledde skråningar under fuglefjell | Vanleg i sitt leveområde. | Uaktuelt |
Fjellmarkmus Microtus oeconomus |
I høgare strøk i Sør- og Nord-Noreg, manglar i Nord-Trøndelag og Nordland | Vidder og fjellskog | Talrik | Uaktuelt |
Lemen Lemmus lemmus |
Langs Langfjella | Snaufjellet | Vanleg. Er i «lemenår» truleg den mest talrike arta i landet Noreg er hovudområde for utbreiinga til arta i verda[20] |
Uaktuelt |
Skoglemen Myopus schisticolor |
Austlandet | Moserik barskog | Talrik, «skoglemenår» finst, endå ikkje i same grad som hos lemen. Sårbar internasjonalt.[17] | Uaktuelt |
Klatremus Clethrionomys glareolus |
Sør- og Midt-Noreg nord til Rana i Nordland | Skog og høgfjell | Talrik | Uaktuelt |
Gråsidemus Clethrionomys rufocanus |
Heile landet | Knytt til nordlege og høgareliggjande område | Talrik, i Nord-Noreg truleg den vanlegaste musearten | Uaktuelt |
Raudmus Myodes rutilus |
Nord-Noreg frå Nordland og nordover | Fjellskog | Talrik | Uaktuelt |
Bisam Ondatra zibethicus |
Finnmark, Nordland og Nord-Trøndelag[21] | Vassdrag | På nasjonal basis er bisam sjeldan, men kan opptre i tette bestandar i utbreiingsområdet. | Jaktbar august–mai |
Musefamilien (Muridae) |
||||
Storskogmus Apodemus flavicollis |
Sør-Noreg nord til Trøndelag, manglar tilsynelatande på deler av Vestlandet | Skog, kulturlandskap og bebygde strøk | Talrik, finst ofte som mus innomhus | Blir felt som skadedyr |
Småskogmus Apodemus sylvaticus |
Sør-Noreg nord til Trøndelag | Kulturlandskap og busette strøk | Talrik, truleg den vanlegaste musearten i busette strøk | Blir felt som skadedyr |
Dvergmus Micromys minutus |
Eit lite område ved Kongsvinger | Område med høg gras- og urtevegetasjon | Omsynskrevjande, registrert som ny art i Noreg i 2001 | Uaktuelt |
Husmus Mus musculus/domesticus |
Heile landet utanom Finnmark | Knytt til menneske | Talrik, men i tilbakegang pga konkurranse med skogmysene | Blir felt som skadedyr |
Brunrotte Rattus norvegicus |
I busette strøk, særleg i byar over heile landet[22] | Kulturlandskap og byar, særleg tilknytt kloakk | Talrik | Blir felt som skadedyr |
Svartrotte Rattus rattus |
Knytte til busette strøk | Kulturlandskap og byar | Utdøydd i Noreg, truleg på 17- eller 1800-talet | Ikkje aktuelt |
Rovpattedyr (Carnivora)
endreHundefamilien (Canidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Ulv Canis lupus |
Tidlegare heile landet, i dag avgrensa til Austlandet, som ein del av ein felles norsk-svensk stamme. Streifindivid frå den russiske stammen finst. | Hovudsakleg knytte til skog | Raudlista: «Kritisk truga», færre enn 30 dyr |
Freda. Dir. for naturforvaltn. utskriv lisensjakt, truleg utstrekt illegal jakt[23] |
Mårhund Nyctereutes procyonoides |
Grensetraktene mot Finland og Russland | Barskog | Sjeldan, førebels berre streifdyr | Svartelista, fri jakt året rundt |
Fjellrev Alopex lagopus |
Finse, Dovre, Nord-Noreg og Svalbard | Snaufjell- og tundraområdet | Raudlista: «Kritisk truga» | Freda, inga jakt |
Raudrev Vulpes vulpes |
Over heile landet | Kan leve i nær sagt alle biotopar, inkludert storbyar | Vanleg[24] | Jaktbar juli–april 16–21 000 dyr årleg.[15] |
Bjørnefamilien (Ursidae) |
||||
Brunbjørn Ursus arctos |
Små grupper i Finnmark, Nordland / Nord-Trøndelag og Hedmark | Barskog | Raudlista: «Sterkt truga» Under 100, men del av større nordisk stamme |
Freda. Lisensfelling av slagbjørn, lisensjakt i Sør-Varanger |
Isbjørn Ursus maritimus |
Svalbard | Arktiske strøk | Raudlista: «Sårbar» | Freda. Skadedyr kan fellast |
Kvalrossfamilien (Odobenidae) | ||||
Kvalross Odobenus rosmarus |
Jan Mayen og Svalbard, streifdyr sør langs Finnmarkskysten | Langs iskanten i polare hav | Bestanden i Atlanterhavet er liten, den norske bestanden reknast som sårbar | Freda |
Selfamilien (Phocidae) |
Jakt[25] | |||
Klappmyss Cystophora cristata |
Vestisen | Knytt til havis | Talrik | Tidlegare vart ungane jakta under selfangst, men han er no freda i norske farvatn |
Storkobbe Erignathus barbatus |
Hovudsakleg Barentshavet, streifdyr langs Finnmarkskysten | Hav og kyst | Talrik | Freda i norske farvatn |
Havert Halichoerus grypus |
Frå Rogaland til Finnmark, tettast i Sør-Trøndelag og på Helgeland. | Koloniar på havskjer. Kan trekkje inn i fjordane om vinteren | Talrik | Seljakt januar–september |
Grønlandssel Phoca groenlandica |
Jan Mayen og Svalbard | Knytt til is i Nordishavet | Talrik | Seljakt januar–september |
Steinkobbe Phoca vitulina |
Langs heile kysten | Knytt til kyststrøk | Den norske bestanden vert rekna som sårbar | Seljakt januar–april og august–september |
Ringsel Phoca hispida |
Hovudsakleg Jan Mayen og Svalbard, streifdyr sør til Mørekysten | Arktisk hav, havis. Finst i ferskvatn (ikkje i Noreg) | Talrik i sine hovudutbreiingsområde | Seljakt januar–september |
Mårfamilien (Mustelidae) |
||||
Oter Lutra lutra |
Nesten utrydda i 1970-åra, finst i dag langs kysten frå Finnmark til Nord-Møre | Kyst | Raudlista: «Sårbar» | Freda, blir skote som skadevilt i oppdrettsanlegg for fisk |
Jerv Gulo gulo |
Nord-Noreg til Femunden og fjellområda Dovre, Rondane, Reinheimen og Snøhetta | Knytt til snaufjell og fjellskog | Raudlista: «Sterkt truga» | Freda, men jakt ved hiuttak og lisensfelling. Åtejakt og hagle er tillate[26] |
Mår Martes martes |
Heile landet | Skog | Vanleg | Jaktbar (som pelsvilt) november–mars |
Grevling Meles meles |
Heile landet bortsedd frå Nordland | Skog og kulturlandskap | Vanleg | Jaktbar august–januar |
Røyskatt Mustela erminea |
Heile landet | Frå kyst til høgfjell | Vanleg | Jaktbar (jaktast som pelsvilt) august–mars |
Snømus Mustela nivalis |
Heile landet | Høgfjell og fjellskog | Vanleg | Ikkje aktuelt |
Ilder Mustela putorius |
Truleg avgrensa til Austlandet | Knytt til skog- og kulturlandskap | Raudlista grunna manglande data | Ikkje aktuelt |
Mink Mustela vison |
Heile landet Innført som pelsdyr i 1920-åra |
Knytt til vatn og vassdrag | Talrik | Svartelista, fri jakt året rundt |
Kattefamilien (Felidae) | ||||
Gaupe Lynx lynx |
Finst spreitt over heile landet | Skog | Raudlista: «Sårbar» | Freda, rovviltnemndene fattar vedtak om kvotejakt i kvar enkelt forvaltningsregion[27] |
-
Villsvin
Foto: Macro Freak
-
Elg
Foto: C.Schultz
Svinefamilien (Suidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Villsvin Sus scrofa |
Hedmark, Akershus og Østfold mot svenskegrensa[28] | Skog | Sjeldan, streifdyr | Svartelista, fri jakt heile året |
Hjortefamilien (Cervidae) |
||||
Elg Alces alces |
Heile landet, minst talrik på Vestlandet | Barskog | Talrik, nokre stader overpopulasjon | Elgjakt september–oktober Ca 30–35 000 dyr årleg[29] |
Rådyr Capreolus capreolus |
Heile landet, i nyare tid òg Finnmark | Nær kulturlandskap | Talrik | Jakttid september–desember Ca 30 000 dyr årleg |
Rein Rangifer tarandus |
Fjella i Sør-Noreg, tam rein finst frå Femunden til Finnmark. Ein eigen underart, svalbardrein, finst på Svalbard | Høgfjell | Talrik | Villreinjakt august–september i 18 område 5–8000 dyr årleg[30] |
Hjort Cervus elaphus |
Kysten frå Rogaland til Nordland, mest talrik på Vestlandet | Lauvskog | Talrik | Hjortejakt september–november Aukande, 32 000 i 2007[31] |
Dåhjort Dama dama |
Hankø og Østfold austom Glomma | Opne kulturlandskap og skog | Sjeldan, ville dyr er rømt frå viltfarmar | September–desember |
Oksefamilien (Bovidae) | ||||
Moskusfe Ovibos moschatus |
Dovre og Femundsmarka[32] | Snaufjell og fjellskog | Sjeldan | Freda |
-
KnølkvalFoto: Louis M Herman
-
SpekkhoggarFoto: Robert Pittman
Rettkvalfamilien (Balaenidae) |
Utbreiing | Biotopar | Bestand | Jakt |
---|---|---|---|---|
Grønlandskval Balaena mysticetus |
Arktis, Svalbard, Finnmark | Langs isen | Raudlista: «Kritisk truga» | Freda, inga jakt |
Nordkaper Balaena glacialis |
Nordvestatlanteren. | Tempererte hav | Utrydda i Nordøstatlanteren, berre streifdyr ved Noreg[33] | Freda, inga jakt |
Finnkvalfamilien (Balaenopteridae) | ||||
Vågekval Balaenoptera acutorostrata |
Oslofjorden til Svalbard | Hav, hoer kan trekkje inn i fjordane | Talrik | Kvotejakt fastsetjast for 5 år av gongen av Fiskeridept. |
Seikval Balaenoptera borealis |
Agder til Finnmark | Tempererte hav | Talrik | Freda, inga jakt |
Blåkval Balaenoptera musculus |
Vestlandet til Svalbard | Ope hav, sjeldan ved kyst sør for Lofoten | Bestanden nesten utrydda under kvalfangst, Raudlista: «Nær truga» | Freda, inga jakt |
Finnkval Balaenoptera physalus |
Vestlandet til Svalbard | Djupt hav | Sikker bestandssituasjon i Noreg Sårbar internasjonalt.[17] |
Freda, inga jakt |
Knølkval Megaptera novaeangliae |
Frå Oslofjorden til Svalbard | Tempererte og polare hav | Sikker bestandssituasjon i Noreg Sårbar internasjonalt.[17] |
Freda, inga jakt |
Delfinar (Delphinidae) |
||||
Gulflankedelfin Delphinus delphis |
Sporadisk frå Jæren til Troms | Tropiske og tempererte hav | Sjeldan | Freda, inga jakt |
Grindkval Globicephala melaena |
Frå Jæren til Troms | Hav og kyst | Vanleg | Freda, inga jakt |
Arrdelfin[34] Grampus griseus |
Vanleg i Stillehavet | Tropiske og tempererte hav | Berre streifdyr ved sørvestlandet | Freda, inga jakt |
Kvitskjeving Lagenorhynchus acutus |
Vestlandet | Subpolar og temperert sone i Nord-Atlanteren | Sikker bestandssituasjon i Noreg[35] | Freda, inga jakt |
Kvitnos Lagenorhynchus albirostris |
Kysten frå Trøndelag til Svalbard | Hav og kyst | Vanleg | Freda, inga jakt |
Spekkhoggar Orcinus orca |
Nordsjøen, observert langs heile norskekysten | Polhav og subpolare hav | Talrik | Freda, inga jakt |
Stripedelfin Stenella coeruleoalba |
Streifdyr, Skagerrak | Tropiske og tempererte hav | Sårbar internasjonalt | Freda, inga jakt |
Tumlar Tursiops truncatus |
Streifdyr, Sørvestlandet | Tropiske og tempererte hav | Sårbar internasjonalt | Freda, inga jakt |
Narkvalfamilien (Monodontidae) |
||||
Kvitkval Delphinapterus leucas |
Arktis, Svalbard, Finnmark Streifdyr langs heile kysten |
Sirkumpolar, kan vandre inn i elver | Raudlista pga manglande data | Freda, inga jakt |
Narkval Monodon monoceros |
Arktis, Svalbard Streifdyr langs Finnmark |
Polhav | Raudlista pga manglande data | Freda, inga jakt |
Nisefamilien (Phocoenidae) |
||||
Nise Phocoena phocoena |
Langs heile kysten | Kystnære strauk | Talrik. Sårbar internasjonalt.[17] |
Freda, inga jakt |
Spermkvalfamilien (Physeteridae) |
||||
Spermkval Physeter catodon |
Frå Møre til Svalbard | Tempererte hav | Vanleg | Freda, inga jakt |
Spisskvalfamilien (Ziphiidae) |
||||
Nebbkval Hyperoodon ampullatus |
Utanfor kontinentalsokkelen frå Møre til Svalbard | Kalde område i Nord-Atlanteren | Sikker bestandssituasjon i Noreg[36] | Freda, inga jakt |
Nordspisskval Mesoplodon bidens |
Nordsjøen, Sørvestlandet | Djuphav i Nord-Atlanteren | Raudlista pga manglande data | Freda, inga jakt |
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Kjelde for lista er ,Artsdatabanken: Artsnavnebasen som no er gitt ansvaret for å bestemme norske namn på organismar i Norge, bokmål, nynorsk og nordsamisk. Det er eit skjønnsspørsmål i kva grad det finnast viltlevande sauer, kattar og andre opphavlege husdyr i Noreg; men slike er ikkje teke med her.
- ↑ Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk
- ↑ Kjelde for bestandsopplysningar er Artsdatabanken; artsdatabanken.no Arkivert 2008-12-07 ved Wayback Machine.
- ↑ Jakt på alle landlevande virveldyr i Noreg blir regulert av Viltloven, kor det som hovudprinsipp slåast fast at «Som hovudregel er alt vilt freda viss ikkje anna blir spesifisert med lov». Det inneber at alle pattedyr er freda, med mindre det er fastsett jakttid på dei. Nokre arter er det likevel løyve til å felle som skadevilt, dvs. når dyra utøver skade på eigedom. For å skilje mellom dyr som er aktivt freda av bestandsomnsyn og dei som er (automatisk) freda fordi det ikkje finst behov eller interesse for jakt, blir brukt i denne kolonnen omgrepa Jaktbar, Freda, Blir Jakta som skadevilt og Uaktuelt.
- ↑ Isaksen, K., Syvertsen, P.O., Kooij, J. van der & Rinden, H. (red.) (1998): Truga pattedyr i Noreg: faktaark og forslag til raudliste. Norsk Zoologisk Samskipnad. Rapport 5. : 182 s.
- ↑ Ahlén, I. & Tjernberg, M (rei.) (1996): Rödlistade ryggradsdjur i Sverige – Artfakta. (den svenske raudlista) ArtDatabanken, SLU, Uppsala. 335 sider.
- ↑ Moglegvis er arta ein nykommar i Noreg. Ref Höjer, J. (1995): Hotade djur och växter i Norden.[daud lenkje] TemaNord no 1995:520, Nordisk ministerråd, København. side 114 og 142.
- ↑ Arta vart skilt frå tusseflaggermus (Pipistrellus pipestrellus) i 1997. "DNA answers the call of pipistrelle bat species" i Nature 387, 138-139 (8 May 1997)
- ↑ Norsk Zoologisk Forening (2008): Bredøyreflaggermusa ikkje utdøytt likevel! (nettside) [1] Arkivert 2009-04-21 ved Wayback Machine.
- ↑ 10,0 10,1 [http:// www.zoologi.no/flmus/flm_vann.htm Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe]
- ↑ Flaggermus i skog - Norsk Zoologisk Forening (PDF) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 18. august 2006, henta 22. januar 2010
- ↑ Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe, arkivert frå originalen 24. desember 2008, henta 22. januar 2010
- ↑ Norsk Zoologisk Forening[daud lenkje]
- ↑ 14,0 14,1 Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe, arkivert frå originalen 24. desember 2008, henta 22. januar 2010
- ↑ 15,0 15,1 15,2 småvilt- og rådyrjakt
- ↑ Noregs dyr. Pattedyra 3 (1990), s 77
- ↑ 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 17,5 I Norsk raudliste 2006 er det oppført 6 pattedyrarter som har ein tilfredsstillande bestand i Noreg, men som likevel er oppført på Den internasjonalen raudlista: Ekorn, bever, skoglemen, knølkval, nise og finnkval
- ↑ BJØRKEMUS Sicista betulina Pallas, 1779[daud lenkje]zoologi.no
- ↑ Østmarkmus er truleg innført til Svalbard frå Russland på midten av 1900-talet
- ↑ http://www.zoologi.no/faktum/lemen.htm[daud lenkje].
- ↑ Bisam innvandra austfrå som rømde pelsdyr på 1950-talet, opphavleg Nord-Amerikansk
- ↑ Brunrotte kom til Noreg på 1300-talet
- ↑ Wabakken & al. (2008): Ulv i Skandinavia vinteren 2007–2008 – førebels statusrapport. [Høgskulen i Hedmark]pdf[daud lenkje]
- ↑ Etter ein epidemi av reveskabb ca. 1990 var bestanden låg, men raudrev er no eit vanleg dyr igjen.
- ↑ For nokre selarter blir det òg drive kommersiell selfangst, men dette skjer ikkje i norske kystområde
- ↑ Brainerd & al. (2008): Jakt på jerv i Noreg. Noregs jeger- og fiskerforbund og NINA. [2][daud lenkje]
- ↑ Direktoratet for naturforvaltning (2008): Miljøstatus i Noreg: Jakt
- ↑ Villsvin fanst i Noreg fram til bronsealderen, arta innvandra på ny frå Sverige på 2000-talet
- ↑ ssb.no/elgjakt
- ↑ ssb.no/reinjakt
- ↑ ssb.no/hjortejakt
- ↑ Moskusfe fanst i Noreg før siste istida, innført i 1920-åra og igjen i 1950-åra
- ↑ Global bestand er anslått til 300–350 dyr. Eitt individ vart observert ved Island 1987, og eitt moglegvis ved Jan Mayen 1967. Ref Noregs dyr. Pattedyra 2. 1990. Eitt individ vart observert og fotografert ved Kvænangen i 1999. vg.no
- ↑ Artsdatabanken: Artsnavnebasen Nynorsk artsnamn blei forandra frå «rissodelfin» til «arrdelfin» 1. september 2009
- ↑ artsdatabanken.no[daud lenkje]
- ↑ artsdatabanken.no[daud lenkje]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Liste over pattedyr i Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2010.