Faust IV
Studioalbum av Faust
Utgjeve 21. september 1973
Innspelt Juni 1973
Studio The Manor i Oxfordshire i England
Sjanger Krautrock
Lengd 43:37
Selskap Virgin
Produsent Uwe Nettelbeck
Faust-kronologi 
Outside the Dream Syndicate
(1973)
Faust IV Rien
(1994)


Faust IV er det fjerde studioalbumet til den tyske krautrockgruppa Faust, utgjeve i 1973. Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, der det er omtalt som ein «krautrock-klassikar».[4] Dette var det siste albumet av den første inkarnasjonen av bandet, før dei kom attende i 1994 med Rien og ei anna besetning.[5]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Pitchfork(9.4/10)[2]
Spin4/5 stars[3]

Innspeling endre

Albumet vart spelt inn i The Manor Studio i England. Sidan innspelingane tok for lang tid, gjekk produsenten Uwe Nettelbeck for å utfylle albumet med materiale dei alt hadde spelt inn tidlegare i Wümme i Bremen i Tyskland. Desse tillegga er mellom andre «Krautrock» (tidlegare sendt på radioprogrammet til John Peel) og «It's a Bit of a Pain» (tidlegare gjeven ut på singel i Tyskland).[2]

Musikk endre

Opningssporet, «Krautrock», er ein bordun-basert instrumental med trommer som kjem inn etter sju minutt, medan seinare spor, som «The Sad Skinhead» og «Jennifer» er meir konvensjonelle songar.[2] Avslutningssporet, «It's a Bit of a Pain», kombinerer begge stilane, og nyttar støy på refrenget. På eit stadium seint i songen, etter refrenget, kan ein høyre ei kvinnestemme som snakkar svensk. Sporet «Just A Second» fekk undertittelen «starts like that!» på CD-utgåvene. Spornummereringa på den originale CD-utgåva var ikkje rett.[6]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Krautrock»11:47
2.«The Sad Skinhead»2:43
3.«Jennifer»7:11
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Just a Second»3:35
2.«Giggy Smile / Picnic on a Frozen River, Deuxieme Tableau»7:45
3.«Läuft...Heißt Das Es Läuft Oder Es Kommt Bald...Läuft»4:28
4.«Run»3:40
5.«It's a Bit of a Pain»3:08

Medverkande endre

Teknisk endre

Kjelder endre

  1. Huey, Steve. «Faust IV». AllMusic. Henta 25. juli 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Leone, Dominique (3. oktober 2007). «Faust IV». Pitchfork Media. Henta 25. juli 2020. 
  3. Hermes, Will (December 2007). «Reviews». Spin (SPIN Media LLC) 23 (12): 117. ISSN 0886-3032. Henta 17. november 2012. 
  4. Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. s. 297. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  5. «AllMusic Review by Ted Mills». allmusic.com. Henta 25. juli 2020. 
  6. «Faust - Faust IV». Discogs. Henta 6. september 2014.