Faustino Asprilla
Faustino Hernán «Tino» Asprilla Hinestroza (fødd 10. november 1969 i Tuluá) er ein colombiansk pensjonert fotballspelar. Han er mest kjend for å ha spelt for italienske Parma og engelske Newcastle United. Blant Newcastle-fansen vart han ein kulthelt då han skåra eit hat-trick i meisterligakampen mot Barcelona då Newcastle vann 3-2.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Faustino Hernán Asprilla Hinestroza | ||
Kallenamn | Tino | ||
Fødd | 10. november 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Tuluá i Colombia | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Angrep | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1988–1989 1989–1992 1992–1995 1996–1998 1998–1999 1999–2000 2000–2001 2001–2002 2003 2003–2004 |
Cúcuta Deportivo Atlético Nacional Parma Newcastle Parma Palmeiras Fluminense Atlante Atlético Nacional Universidad de Chile Estudiantes |
36 (17) 78 (35) 84 (25) 48 (9) 22 (3) 22 (3) 12 (2) 12 (8) 12 (3) 11 (3) 13 (5) 2 (0) | |
Totalt | 330 (112) | ||
Landslag | |||
1993–2001 | Colombia | 57 (20) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Karrieren byrja i heimlandet i 1988 i klubben Cúcuta Deportivo. Allereie når han fylde 18 år gjekk «Tino» vidare til Atlético Nacional der skåra han 78 mål på 36 kampar. Dette vekte interesse til fleire italienske fotballklubbar, inkludert Parma som han signerte for i 1992 for ein kjøpesum av 10,9 millionar US-dollar. I 1996 vart Asprilla kjøpt av Newcastle United for 6,7 millionar pund. Frå 1999 spelte Asprilla for Palmeiras.
Merittar
endre- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1993 med Parma
- Vinnar av UEFA-cupen: 1995 og 1999 med Parma
- Kolombiansk seriemeister: 1991 med Atlético Nacional
- Finalist i Copa Libertadores: 2000 med Palmeiras
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Faustino Asprilla» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2020.
- National-football-teams