Opna hovudmenyen

Fei Lian (forenkla kinesisk 飞帘, tradisjonell kinesisk 飛簾, pinyin fēi lián), også kalla Xie Feng,[1] er ein kinesisk vindgud. Han kan opptre som ein flygande drake, som eit fuglevesen med slangehale eller med hjortehovud og slangehale.[2][3]

Guden ber med seg vinden i ein sekk[4] og kan vera ein trøbbelmakar. Han blir halden i sjakk av den himmelske bogeskytaren Houyi (Shenyi, Yi).[3] Ifølgje soga om Houyi brukte bogeskytaren store klede til å avleia merksemda til guden slik at han kunne klatra til heimen oppe p Taishanfjellet. Der klarte han å skyta vindguden i kneet.[5]

Fei Lian hjelpte monsterkongen Chiyou i kampen mot Den gule keisaren.[2] Stormen hans blei driven vekk av tørkegudinna Nuba.

I menneskeform er vindguden kjend som Feng Bo.[2]

KjelderEndra

  1. Qu, Yuan (1986). Tian Wen: A Chinese Book of Origins Volume 624 of A New Directions Paperbook Chinese Book of Origins. New Directions Publishing. s. III. ISBN 9780811210119. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Roberts, Jeremy (2004). Mythology: Chinese Mythology A to Z. New York: Facts on File, Inc. s. 39. ISBN 0816048703. 
  3. 3,0 3,1 Lurker, Manfred (2004). The Routledge Dictionary of Gods and Goddesses, Devils and Demons. Psychology Press. s. 61–62. ISBN 9780415340182. 
  4. Newton, David (2003). Encyclopedia of Air. Greenwood Press. s. 134. ISBN 9781573565646. 
  5. Emily Furia. «The Gods Must Be Crazy». Bicycling (April 30, 2010).