Chiyou (kinesisk skrift 蚩尤) er ein motstandar i kinesisk mytologi, somme tider framstilt som ein mann og andre gonger som eit monster med horn og eit forsterka hovud.[1] Han er rekna som oppfinnaren av krig og rustning.[1]

Chiyou avbilda i eit gravkammer frå Han-dynastiet.

Chiyou stamma frå Shennong, ein av «dei tre opphøgde».[1] Han var ein stammehøvding, smed, dystar og dansar.[1] Ulike kjelder nemner han også som vond, grådig og tyrannisk.[2]

Som nær uovervinneleg monster blir Chiyou sagt å ha seks armar som held våpen, fire auge, hovud av bronse og metallpanne. I andre skildringar blir han sagt å ha oksehovud med to par horn, men menneskekropp.[3]

Til slutt blei Chiyou overvunnen av Den gule keisaren.[1] I slaget ved Zhuolu stilte monsteret med ein hær av demonar, ei tjukk skodde som skjulte sola og til sist ein storm. Ved hjelp frå dyra sine sigra keisaren over Chiyou. Ifølgje målaren Luo Ping frå Qing-dynastiet gav keisaren så ordre om å halshogga Chiyou, og det halshogde monsteret blei seinare inngravert på offerkar som åtvaring til dei som trakta etter makt og rikdom.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Leeming, David. «Chiyou». I A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
  2. 司马, 迁 (西汉), 史记, 五帝本纪 . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. 王恆偉. (2005) (2006) 中國歷史講堂 #1 遠古至春秋. 中華書局. ISBN 962-8885-24-3. p 11-13. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. Wangheng Chen; Various; (2001). Chinese Brozes: Ferocious Beauty. Asiapac Books Pte Ltd. s. 62–63. ISBN 978-981-229-020-5.