Feldbach er ein by og ein kommune i distriktet Südoststeiermark i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 67,3 km² og i kring 13 300 ibuarar. Byen Feldbach har 4 800 ibuarar og ligg 282 meter over havet, ved elva Raab.

Feldbach

Sysselsettinga i kommunen beror mykje på offentlege arbeidsplassar, administrasjon så vel som skulevesen. Næringsmiddelindustri er ei viktig næringsgrein. Ingen store firma held til i Feldbach, dei fleste næringsaktørane er verksemder av mindre skala.

Kjelder endre