Rába
- Raab er òg det tyske namnet på den ungarske byen Győr
Rába (tysk Raab) er ei elv som renn gjennom søraustlege område av Austerrike og vestlege område av Ungarn, og ho er ei av sideelvene til Donau. Ho har sitt utspring i Austerrike, nokre kilometer aust for Bruck an der Mur. Elva renn gjennom delstatane Steiermark og Burgenland i Austerrike, og Vas og Győr-Moson-Sopron i Ungarn. Ho renn inn i ei sideelv til Donau (Mosoni-Duna) i nordvestlege område av Ungarn, i byen Győr. Andre landsbyar og byar langs Rába er mellom anna Gleisdorf, Feldbach (i Austerrike), og Szentgotthárd og Körmend (i Ungarn).
Rába | |||
elv | |||
Land | Austerrike, Ungarn | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 18 km² | ||
Renn gjennom | Győr | ||
Lengd | 250 km | ||
Middelvassføring | 1 020 m³/s | ||
Kjelde | Passaileralpane | ||
• høgd | 1 150 moh. | ||
Munning | Donau | ||
• høgd | 118 moh. | ||
Rába 47°20′43″N 15°30′55″E / 47.345277777778°N 15.515277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Rába |
Dei 5-6000 slovenarane som bur i dei nordlegaste områda av Ungarn vert kalla Raba-slovenarar sidan dei bur nær elva. Dei fleste av dei bur i Szentgotthárd (Monošter på slovensk) og landsbyar sør for byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rába» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2007.