Fellesbusetnad i Israel

Fellesbusetnad i Israel og på den okkuperte Palestinske Vestbreidda
(Omdirigert frå Fellesbusetjing i Israel)

Ein fellesbusetnad (hebraisk יישוב קהילתי, Yishuv Kehilati) er ein type by i Israel. Medan kven som helst kan kjøpe ein eigedom i ein vanleg by, kan innbyggjarane i ein fellesbusetnad, som er organisert i eit samvirkelag, legge ned veto mot sal av eit hus eller eit føretak til ein kjøpar dei ikkje ynskjer.

Fellesbusetnaden Mikhmanim

Med denne utvelgingsprosessen, kan innbyggjarane i fellesbusetnaden dele ein særskild ideologi, religiøs retning eller levestil, som dei berre ønsker å dele med folk som tenkjer på same vis. Til dømes kan familieretta fellesbusetnader som ønsker å unngå at det skal bli for mange pensjonistar i busetnaden, berre akseptere unge par som nye innbyggjarar.

I 2013 hadde Israel 118 busetnader med eit totalet innbyggjartal på kring 84 800.[1]

Kjelder endre

  1. «Localities and population, by type of locality and population group» (PDF). cbs.gov.il.