Ein by er eit tettbygd, meir eller mindre avgrensa geografisk område av ein viss storleik og/eller viktigheit. Karakteristiske trekk for ein by er tett busetnad, høvesvis stor folkesetnad, eit næringsliv dominert av handel, handverk og administrasjon, avgrensa vekt på jordbruk og sentral plassering med omsyn til kommunikasjonsårene i eit samfunn.

Oversynsbilete over Bergen.
Foto: Tomoyoshi Noguchi
Lys, bilvegar og høghus i New York by.
Foto: Paulo Barcellos Jr.

Byar skil seg frå mindre tettstader og landsbyar ved at det bur meir folk der, men grensa er uklår, og som regel vil ein statleg definisjon avgjera kva som er ein by. Det finst ingen allmenn internasjonal vedteken definisjon av by-omgrepet.[1] Ulike land og organisasjonar har ulike definisjonar. Desse kan vera geografiske eller juridiske, og dei har endra seg over tid.

Definisjonar og særtrekkEndra

 
Frå Tønsberg sentrum
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Å gje ein allmenngyldig definisjon av omgrepet by er vanskeleg, fordi definisjonen varierer frå land til land, og funksjonen i byane har endra karakter gjennom historia. I Noreg omtalar ein ofte byliknande strøk og tettstadar som sentrum for ein kommune – juridisk var norske byar tidlegare definert som bykommunar i motsetnad til landkommunar.

OrdsogeEndra

Ordet «by» kjem frå norrønt býr, som tyder 'gard' eller 'plass med fleire bygningar'. Orda «by» og «bygd» har opphavleg nesten same tyding. «By» viser til busetnad som står tett på eit avgrensa område, medan bygd viser til spreidd busetnad i eit større geografisk landskap. Begge har likevel opphav i (bonde)gardsbusetnad, jfr. tydinga av det norrøne ordet býr. Dei første «byane» i Noreg var såleis korkje kaupangen i Skiringssal, Tønsberg eller Trondheim, men urgardar med det skildrande namnet By. Urgardane fekk korte einstavingsnamn som skildra det menneska der såg, namn som berg, fjell, haug, ås, stein, lund, bjørk, eik, ask, os, vik og by m.fl.

Den moderne forståinga av omgrepet «by» på norsk er derimot ei ganske anna. Byen er i funksjon og opphav knytt til handel, og tidlegare nordbuar kalla dei gryande handelsstadane sine for kaupangar (kjøpstadar). Frå Noreg er kaupangen i Skiringssal kjend som den eldste og best utforska. Likeeins kjenner ein til Birka i Sverige og Hedeby (Haithabu) i Danmark. På norrønt blei desse stadane sikkert refererte til som kaupangar, men busetnaden der dei fanst blei truleg omtalt som býr, og det kan vera ein vesentleg del av forklaringa på kvifor danskar og nordmenn i dag kallar kjøpstadane sine for byar. Svensk har halde på den opphavlege tydinga og her blir ordet by brukt om landsbyen frå jordbrukssamfunnet, medan kjøpstaden blir omtalt som stad.

MellomalderenEndra

Mellomalderhistorikarar brukar tre ulike definisjonar på ein by:[2]

  • Ein juridisk definisjon som seier at ein by er ein tettstad som er skild ut frå landet omkring ved at det har ein eigen jurisdiksjon.
  • Ein økonomisk definisjon som seier at ein by er ein tettstad der menneska lever av jordbruksproduksjonen til andre, folkesetnaden hadde ikkje jordbruk som hovudsysselsetjing.
  • Ein topografisk definisjon som seier at ein by er eit område der busetnaden er tettare enn i landet omkring.

Moderne definisjonarEndra

I dag brukar bygeografar – og andre som studerer fenomenet by – å referera til fire ulike typar kriterium som blir brukt til å definera byar og urbanitet: Busetnad og folkesetnad, samansetjinga av næringslivet, administrative kriterium og funksjonen i byen i høve til omlandet. Dei fleste definisjonane av by brukar eitt eller fleire slike kriterium.

Tett busetnad på eit avgrensa areal er den mest iaugefallande karakteristikken til byen. Det er samanhengar mellom busetnaden i byen og folkesetnaden i byen, i samtida og historisk. Ein viss folkesetnadsstorleik og ein viss folkesetnadstettleik innanfor eit avgrensa areal er viktige karakteristikkar for byar.

Næringslivet i ein by er dominert av handel, handverk og industri, samferdsel og administrasjon (sekundær- og tertiærnæringar). Næringar som fiske, jordbruk og skogbruk (primærnæringar) er tilsvarande lite karakteristiske for byar. Slike kriterium blir brukt i mange land for å skilja landsbyar frå byar.

Administrative kriterium dreier seg om juridiske tilhøve: Den historiske retten til ein stad til å kalla seg by. Retten til bystatus kunne gje visse rettar til innbyggjarane. Administrative kriterium kan tyda at fastsette bygrenser definerer urbanitet, sjølv om delar av området er landleg, medan andre urbane område fell utanfor fordi dei ligg utanfor bygrensene.

Funksjonen som servicestad av byen for omlandet er ein fjerde type kriterium for ein by. Nivået på denne funksjonen vil avgjera kva for ein type by det er snakk om. Pendlingsomlandet er ein del av funksjonaliteten til ein moderne by.[3]

Byane og omlandetEndra

 
Satellittbilete av Verona med omland.

Byar er som oftast eigne politiske einingar, eller dei er einingar som utgjer byen med omland. Fram til ganske nyleg (i Noreg til 1960, Sverige til 1970 og Finland til 2000) var interessene til byane rekna som så spesielle at byane berre styrte over sjølve byen, og aldri over omlandet. Slik er det framleis i mange land.

Byar i ulike klasserEndra

Frå seinmellomalderen til 1900-talet var byane i Norden ordna i to klasser: kjøpstadar og ladestadar. Kjøpstadane hadde fulle rettar til å driva handel og handverk, medan rettane til ladestadane var noko avgrensa, og dei var underordna ein kjøpstad. Men både kjøpstadar og ladestadar var byar.

Kyrkja er ein viktig faktor i vestlege byar. Ved sida av at nokre byar har ein del av opphavet sitt i kloster eller kyrkjer, blir byar med domkyrkje gjerne kalla «stiftsby». I Noreg og Danmark hadde dei mest sentrale byane, der biskopane hadde sete, lenge status som stiftsstadar. Seinare blei desse byane omtalt som landsdelhovudstadar, og seinast som storbyar i Noreg.

I England og enkelte land med engelske tradisjonar klassifiserer ein byar som anten city eller town. Det var opphavleg plassen til byane i kyrkjeleg rangering som var avgjerande; city var byar med katedral, ein town var ein mindre by som mangla katedral. I dag bruker ein village som nemning på tett folkesette stadar som ikkje er store nok til å kunna kallast town, men opphavleg var village ein landsby sterkt knytt til jordbruksnæringa.

I USA har kvar delstat eit lovverk om «hamlet», «village», «township», «town» og «city».

Landsby og byEndra

Byar må ikkje forvekslast med landsbyar. Landsbyar er ikkje kjøpstadar, dei er knytte til jordbruksnæringa, og har ein høg del yrkesaktive innan jordbruk. Byane derimot er knytte til næringar som handel, handverk og administrasjon. Omgrepet landsby blir vanlegvis ikkje nytta om tettstadar i Noreg, men om bybusetnad ein finn andre stadar i verda. Byane hadde ofte sentralfunksjonar for eit større område med landsbyar eller spreidd jordbruksbusetnad.

Folketalet er ikkje avgjerande for å skilja byar og landsbyar. Det finst landsbyar i Ungarn med 50 000 innbyggjarar.

I industrialiserte land er landsbyen ikkje like dominert av jordbruk som før. Mange landsbyar er urbaniserte, og fungerer som små drabantbyar innan ein større byregion. I Danmark brukar Danmarks Statistikk nemninga landsby på små byar, med mindre enn 1000 innbyggjarar, og i England blir nemninga village brukt på omtrent same måte.

Danmark og Sverige hadde landsbyar, medan denne typen busetnad mangla i Noreg, der landbruksbusetnaden låg meir spreidd, og enkeltgardane var dominerande. Den mangebølte garden kunne berre i nokre få tilfelle samanliknast med ein landsby. Kring 1960 festa nemninga tettstad seg som omgrep for den norske småbyen som juridisk sett ikkje var by. Statistisk sentralbyrå hadde då teke i bruk detta omgrepet for å avgrensa det urbane Noreg.

Formell bystatusEndra

 
St Davids i Wales har ei domkyrkje hatt status som city sidan 1100-talet, men har berre rundt 1 800 innbyggjarar.

I mange land er det eit krav at byen skal ha ein formell heimel frå ei styresmakt, eit charter. Dette kan vera førekomst av ein eller annan definert byfunksjon, slik som ei domkyrkje med eit bispesete. Det kan også vera eit kongeleg privilegiebrev, eller eit vedtak i lokale politiske eller administrative organ. I USA blir det siste kalla incorporation.

Kjøpstadsrettar gav byane sterkt utvida indre sjølvstyre, med eige rettsvesen og sjølvstendig forvalting, og dessutan einerett for dei med borgarbrev til å driva næringsverksemd innanfor eit geografisk definert område. Kjøpstadsrettar var såleis verdifulle for nokon, medan det la store avgrensingar på andre.

Ein veit òg at Håkon VI den 16. mars i 1358 skreiv ut eit privilegiebrev som sikra Skien kjøpstadsrettar. Etter reformasjonen i 1536 fekk stadig fleire tettstadar slike rettar i Noreg.

Frå 1850 til i dag har slike privilegium i næringsverksemda blitt oppheva. I Noreg har kommunar med meir enn 5 000 innbyggjarar sidan 1997 kunna ta i bruk nemninga by for heile kommunen eller ein del av kommunen.

Byomgrepet som varedeklarasjonEndra

Kommuneloven av 1992 likestilte alle norske kommunar. Omgrepet by har ingen juridisk eller formell status i Noreg i dag. Omgrepet er likevel ikkje forsvunne.

Frå 1997 har alle kommunar med meir enn 5000 innbyggjarar og eit urbant sentrumsområde kunna kalla kommunen eller kommunesenteret for by. Dette kan skje etter vedtak i kommunestyret. Elverum (Leiret) er kommunesentrum i Elverum kommune, og dei valde å kalla seg by etter eige vedtak. Sandvika og Ski er andre døme på dette.

Omgrepet by blir mange stadar brukt til reklameføremål for handelsstanden. Levanger og Kolvereid er gode døme. Levanger var frå 1836 kjøpstad, men etter ei kommunesamanslåing i 1962 blei det bestemt at kommunen var ein landkommune. I 1996 vedtok Levanger kommunestyre at Levanger skulle kalla seg by, og ein la då vekt på at bynamn ville vera eit viktig moment i marknadsføringsamanheng, særleg for turistnæringa. Tilsvarande finn ein i Nærøy kommune ein av dei minste byane i landet, Kolvereid, med 1450 innbyggjarar. Ordføraren framhevar i eit intervju 2002 at det først og fremst er merksemda som er viktig. For det er ikkje til å koma frå at Nærøy er ein distriktskommune. Men regionsenteret Kolvereid har kvalitetar som ein by, ifølgje ordføraren.[4]

Statistisk byomgrepEndra

SSB fører ingen spesiell statistikk over kommunar eller tettstadar som kallar seg byar. Men SSB har eit godt utvikla verktøy for å laga statistikk for bymessige område eller tettbygde strøk. Byrået brukar eit spesielt statistisk byomgrep til å laga statistikk over byar og tettstadar. Dei såkalla tettstadane er definerte som samanhengande utbygde areal, og dei blir definert uavhengig av administrative grenser mellom kommunar og fylke. Grensene til tettstadene er dynamiske; dei blir flytte etterkvart som busetnaden blir utvida. Dei nordiske landa har ein definisjon som i hovudtrekk er samanfallande.

Ifølgje den nordiske tettstadsdefinisjonen er alle tettbygde område med ein viss maksimumavstand mellom husa og eit minimum folketal på 200 menneske å sjå på som ein tettstad i Noreg, ein tätort i Sverige eller eit byområde i Danmark. Maksimal avstand mellom husa er 200 meter, med unntak av Noreg som her opererer med 50 meter. Avstanden mellom husa kan overstiga dette der det er område som ikkje kan byggast ut, eller det er husklynger som naturleg høyrer med til ein tettstad.

SSB sitt omgrep blir òg kalla for eit dynamisk byomgrep fordi grensene til tettstadene har blitt justert frå folketeljing til folketeljing (kvart tiande år) etter 1950. No blir tettstadsgrensene justert årleg.

Urban area blir brukt på engelsk som det dynamiske statistiske byomgrepet.

Historia til byenEndra

 
Arkeologiske utgravinger der byen Ur låg, ved Tell el-Muqajjar i Irak.

Det er vanskeleg å fastslå kva for føresetnader som var avgjerande for at dei første byane skulle oppstå. Nokre teoretikarar har likevel spekulert rundt kva dei meiner er passande tilhøve, og kva for grunnleggjande mekanismar som kan ha vore viktige drivkrefter.

Det konvensjonelle synet er at byar først blei danna etter den neolittiske revolusjonen. Denne omveltinga introduserte jordbruk som gjorde tettare folkesetnad mogleg og dermed støtta byutvikling.[5] Utviklinga av jordbruk gjorde at jegerar og samlarar kunne gje opp den nomadiske livsstilen sin og busetja seg nær andre som levde av jordbruksproduksjonen. Den auka folketettleiken, gjort muleg av jordbruk og auka produksjon av mat per eining av land, skapte tilhøve som synest meir eigna for byliknande aktivitetar. Ifølgje Vere Gordon Childe må ei busetjing ha nok overskot av råvarer til å støtta handel og ein relativt stor folkesetnad for å kunna fungera som ein by.[6]

Tradisjonelt blir Ur frå ca. 10 000 f.Kr. som den første byen. Det fanst byar i det som er dagens Pakistan med teglsteinsbygninger, innlagt vatn og avløp for 5 000 år sidan (Mohenjo-Daro). Enkelte fleire tusen år gamle byar finst enno i dag, slik som Istanbul, Jeriko, Bagdad, Damaskus, Jerusalem og Roma. I det som i dag er Noreg er den eldste byen som enno eksisterer, Trondheim, berre litt over 1 000 år gammal.

GeografiEndra

Utsjånaden til ein by er prega av dei mange menneska som bur og arbeider der. Landskapet er dominert av store hus, medan det finst fleire vegar, parkar og plassar enn tomme område. Ofte er innsjøar og elver dei einaste uregulerte stadene i ein by.

Til gjengjeld ligg svært mange byar ved ei elv eller ein kyst, ettersom vassvegar alltid har vore viktige for transport av varer. Byane voks opp som handelssenter der ein tok imot og vidaresende varer. I dag er vegnettverk, jarnbanelinjer og flyplassar viktige transportmåtar som hjelp ein by til å veksa.

 
Tyske Dorsten innanfor ein bymur, med dyrka mark rundt.

Ein annan funksjon byar har hatt, er å verna innbyggjarane sine. Eldre byar blei til innanfor bymurar, gjerne med soldatar på vakt og portar som blei stengde om kvelden. Ofte måtte ein ha borgarbrev eller tena for ein borgar for å kunna bu i byen.

OppbyggingEndra

 
Baltimore i Maryland var ein planlagd by.

I gamle bydelar finn ein som regel smale gater og smug som er blitt til «av seg sjølv» ettersom byen voks. Planlagde byar har derimot rette, breie gater, etter kvart tilpassa moderne biltrafikk. Ein har drive med byplanleggjing i Kina i fleire tusen år, men i Europa blei det ikkje vanleg før på 1700-talet. Ein by kan leggjast langs eit rutenett av vegar, eller rundt eit sentralt punkt med vegar eller kanalar i sirklar rundt.

BydelarEndra

Byar er gjerne delte opp i bydelar med ulike særtrekk og ibuarar. Dei kan husa ei særskild folkegruppe, kalla gettoar viss dette er tydeleg. Dei kan ha særskilde område for visse yrkesgrupper, som sølvsmedar, eller for visse handelsstadar, som klesbutikkar. Pris og kvalitet på husvære varierer òg frå bydel til bydel, og byar blir ofte delt inn i «gode» og «dårlege» område ut frå dette.

Forma og funksjonen til byenEndra

Byar er kjenneteikna av at dei ved sida av å ha bymessig busetnad òg har tenesteytande næringar som handel og handverksføretak. Ofte vil ein òg finna føretak innan industri og transport, og sentralstaten kan vera representert ved ordensmakt, domstol, skattestyresmakt og helsevesen. Jordbruk vil ikkje dominera i yrkesmessig samanheng.

Historisk sett er byomgrepet knytt til handelsverksemd. Den europeiske byen var gjennom lang tid definert med kjøpstadsrettar, gjevne av styresmaktene i landet.

Kommunikasjonstilhøve er eit viktig aspekt ved byen. Ein by må ha intern kommunikasjon og samband til omlandet sitt. Utviklinga av transport frå gonge til bil har hatt enorm tyding for utviklinga av byar.

Byomgrepet er knytt til ein urban kultur som står i motsetnad til det rurale, til bondekulturen og landbruksfolkesetnaden. Eksponentane for urban kultur ser vanlegvis på seg sjølv som eksponentar for noko forfina.

Også byfolk treng mat, men areala i ein by er ikkje store nok for tilstrekkeleg matproduksjon. Ein by er difor som regel avhengig av mattilførsel utanfrå. Ofte har byane vakse fram i gode jordbruksområde, der ressursane i dei nære omgjevnadane i byen var gode nok til å også fø ei stor bybefolkning. Mattransport til marknaden i byen har vore ein viktig del av kommunikasjonssystemet i byen.

 
Torget i Gamlebyen i Fredrikstad.

Byar er bygde kring eit sentrum med hovudgate. Ofte er det sentralstasjonen og ei stor handlegate som utgjer sentrum i ein by.

I ein by er gjerne husa bygd slik at dei dannar gaterom og torgrom. Dette gjeld i mindre grad mange byar i USA, der parkeringsplassar rundt kvar bygning gjer byrommet dårleg definert. I ein by er det òg fleire handverkarar og utsalsstadar å velja mellom, ofte innan same bransjar. Det finst ofte politi, domstolar, fengsel, overnattings- og serveringsstadar. Gjerne parkar, og kanskje eit foreiningsliv som inneber fleire ulike klubbar og samskipnader.

Bilismen har ført til ein ny type byar spreidde ut over større areal. Ein by kan heller ikkje spreiast utover eit for stort område i høve til storleiken til folkesetnaden, slik ein har sett det frå mange stadar i USA, og etterkvart elles i verda. Det er bygd kjøpesenter for å gje innbyggjarane høve til å handla i eit kontrollert bymessig miljø, men det eigentlege byrommet har klåre fordelar framfor dette. Blant anna estetisk variasjon, større fleksibilitet, blandinga av verksemder som bensinstasjon, sykkelverkstad, restaurant, daglegvarebutikk, gullsmed, park, trykkeri, bank, NAV-kontor, kyrkjegard, hamn osb. Ein av dei sterkare kvalitetane til byen har gjort byen på mote igjen, nemleg nærleiken i byen til alt.

Fordelar og ulemperEndra

Byar gjev mange fordelar til ibuarane sine, som ved at dei er så mange får eit rikt utval av arbeid, varer og underhaldning, og mange andre menneske dei kan velja å samhandla med eller ikkje.

På den andre sida gjer byane menneske anonyme og mindre interessert eller forståelsesfulle for kvarandre. Stadige gnissingar med andre kan leia til vald. Mange menneske fører òg til ureining av luft og nærområde gjennom trafikkstøv, søppel og kloakk.

ByplanleggingEndra

For meir om dette emnet, sjå Byplanlegging.
 
Cicignon sin byplan over Trondheim frå 1681. Planen kom til etter «Hornemannsbrannen», der det meste av Trondheim sentrum brann ned, og ei vesentleg forbetring var dei breie gatene som skulle hindra at brannar spreidde like seg raskt i framtida.

Byane er aldri statiske, men endrar seg kontinuerleg i større eller mindre grad. Byplanlegging er vitskapen kring endring av byen, og korleis ein søkjer å styra dette.

Tidlegast i historia har byar vakse fram for ein stor del av seg sjølv. Etter ein del tid har samanstillinga av fleire bygningar og bustadseiningar på same stad gjeve utfordringar i tilhøve til å dela på infrastruktur og ressursar. Dei som styrte i busetjinga har så laga eit sett reglar for korleis den fysiske utforminga i byen skal styrast; avstand mellom bygningane, tilgang til vatn og så vidare.

Byplanlegging vidare opp gjennom historia har følgd den teknologiske utviklinga, og hatt nær kontakt med andre fagdisiplinar som har oppstått. Døme på dette er landmåling (opplysingstida) eller sosiologiske analysar (2. halvdel av 1900-talet).

Byplanlegging av i dag styrer i prinsippet byen på same måte som i dei tidlegaste busetjingane. Felles reglar, no gjennom lovverket i eit land, legg rammer for ein prosess. I denne prosessen har administrasjon, politikarar og innbyggjarar høve til å meina noko om nye grep som blir gjort for utvikling av byen. Dette blir filtrert gjennom overordna føringar på regionalt og nasjonalt nivå, og blir vedteke som regel av ein instans fastsett gjennom lovverk (i Noreg kommunestyret).

Den norske plan- og bygningsloven skilde inntil 1960-talet mellom by- og landareal. I dag er lovverket i prinsippet likt for alle typar areal. Detaljutforming av plankart legg føringane for kor tett, i motsetnad til spreidd, busetnad kan byggjast.

Byar i NoregEndra

 
Skien sentrum
Foto: Bitjungle
 
Stavanger sentrum ved Breiavatnet

Nyare arkeologiske utgravingar tyder på at Kaupang i Vestfold var den første bymessige busetjinga i det som i dag er Noreg, og at Tønsberg er den eldste eksisterande byen i landet.[7]

Det blir ikkje ført statistikk i Noreg for stadar eller kommunar som kallar seg byar. Dei tre største kommunane med bystatus i Noreg etter innbyggjartal er Oslo, Bergen og Trondheim. Oslo er òg den største byen (tettstaden) rekna etter utstrekking, og strekkjer seg over fleire kommunar. Den største bykommunen etter areal er Alta. Tettstaden Oslo strekkjer seg langt ut over den administrative byen eller kommunen Oslo, medan tettstaden Tromsø berre utgjer ein liten del av kommunen Tromsø. Tettstadar veks og dei veks saman, slik som dobbeltbyane Skien/Porsgrunn, Fredrikstad/Sarpsborg og Stavanger/Sandnes. Bergen og Stavanger er dei to storbyane i Noreg som ligg nærast kvarandre utanfor Oslo-området, med 200 kilometer og 4 timar reisetid i avstand frå kvarandre.

Tidlegare hadde ein fleire typar tettstadar med ulike typar juridiske krav og lovgivning. Ein by kunne vera bergstad, ladested eller kjøpstad. Ofte har ein rekna at berre byar med kjøpstadsrettar var rette byar. Det var ein omstendeleg prosess å få slike rettar, fordi det var mange ulike krav ein by med formell bystatus måtte tilfredsstilla.

Eit kommunestyre kan i dag sjølv vedtaka å kalla kommunen for by viss dersom kommunen har minst 5 000 innbyggjarar, bymessig tettstad med til handels- og servicefunksjonar og konsentrert busetnad.[8] Bynemninga medfører i dag ingen rettslege konsekvensar, og gjev ingen privilegium. I siste kapittel i boka om historia i dei norske byar gjennom 1300 år blir kriteria drøfta for kva ein by er i vår tid, og det er Kolvereid som blir diskutert i tilhøve til kriteria. Juridisk var det ikkje noko som lenger skilde bykommunar frå landkommunar. Det som gjenstod, var symbolverdien ved å kunna kalla seg ein by.[9]

BykommuneEndra

Omgrepet «bykommune» blir ofte brukt, men har inga formell tyding i administrativ samanheng. Det tyder anten ein kommune der i alle fall kommunesenteret hadde bystatus frå gammalt av, ein kommune som sjølv har vedteke at han vil kalla seg by eller bykommune, eller ein kommune som har eit sterkt urbant preg.

Det er likevel slik at statlege styresmakter framleis gjer skilnad på byar som hadde status som kjøpstad og dei som kallar seg by. Byar som er oppretta ved lov eller kongeleg forordning har kommunenummer som har «0» som tredjesiffer i kommunenummeret (Kongsvinger har til dømes kommunenummer 0402, så det er ein by ifølgje styresmaktene, medan den sjølverklærte byen Elverum har kommunenummer 0427).

Sjå ògEndra

Geografiske områdeEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Unit 1: What is a City?». UN.org. Arkivert frå originalen 2001-07-21. 
  2. Petter B. Molaug, Arnved Nedkvitne (19.08.2000). «Jo, Oslo er 1000 år!». Aftenposten. Arkivert frå originalen 2014-09-06. 
  3. Pacione, M: "Urban Geography: a global perspective", sidan 19-21. New York: Routledge, Taylor & Francis group, 3:e upplagan, 2009.
  4. Først og fremst er det oppmerksomheten som er viktig for oss. Det er ikke til å komme fra at vi er en distriktskommune. Men vi har et regionsenter med kvaliteter som i en by. Ytre Namdal kan være stolte av å ha to slike regionsentere, sjøl om Vikna og Rørvik ikke har bystatusen formelt, sier Aspli. Namdalsavisas magasin, artikkel Velkommen til landets minste by publisert 13.6.2002 Arkivert 24. mars 2005 på Wayback Machine.
  5. Bairoch, side 3-4
  6. Pacione, side 16
  7. Kaupang var Norges første by. sb.no (12. januar 2012)
  8. kommuneloven § 3)
  9. Ola Svein Stugu: Urbaniseringens sluttpunkt, i Norsk byhistorie. 2006. s.504 i Helle, Eliassen, Myhre og Stugu: Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år. 2006. s.504

LitteraturEndra

  • Bairoch, Paul (1988). Cities and Economic Development: From the Dawn of History to the Present. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 0-226-03465-8. 
  • Pacione, Michael (2001). The City: Critical Concepts in The Social Sciences. New York: Routledge. ISBN 0-415-25270-9.