Fellesbusetnad i Israel
Fellesbusetnad i Israel og på den okkuperte Palestinske Vestbreidda
(Omdirigert frå Felleskap i Israel)
Ein fellesbusetnad (hebraisk יישוב קהילתי, Yishuv Kehilati) er ein type by i Israel. Medan kven som helst kan kjøpe ein eigedom i ein vanleg by, kan innbyggjarane i ein fellesbusetnad, som er organisert i eit samvirkelag, legge ned veto mot sal av eit hus eller eit føretak til ein kjøpar dei ikkje ynskjer.
Med denne utvelgingsprosessen, kan innbyggjarane i fellesbusetnaden dele ein særskild ideologi, religiøs retning eller levestil, som dei berre ønsker å dele med folk som tenkjer på same vis. Til dømes kan familieretta fellesbusetnader som ønsker å unngå at det skal bli for mange pensjonistar i busetnaden, berre akseptere unge par som nye innbyggjarar.
I 2013 hadde Israel 118 busetnader med eit totalet innbyggjartal på kring 84 800.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Community settlement (Israel)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- ↑ «Localities and population, by type of locality and population group» (PDF). cbs.gov.il.